Haustferietips frå DNT Valdres

Kom deg ut på tur i haustferien, rådar DNT. Her frå ein  tur mot  Rauhødn i Vang.

Kom deg ut på tur i haustferien, rådar DNT. Her frå ein tur mot Rauhødn i Vang. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Å fylla haustferien med aktivitet og opplevingar treng ikkje vera vanskeleg. Bli inspirert av tipsa frå DNT Valdres.

DEL

– Å vera på fjellet eller i skogen om hausten gjev deg avkobling, frisk luft og sterke synsinntrykk. Årstida er både utetid og kosetid, og som skapt for å reise på hyttetur med familie eller vener, seier Jørgen Wangensteen i DNT Valdres.

Alle vil til fjells

Etter ein særs god sommar med både medlemsrekord og fine besøkstal for Den Norske Turistforening, er det ikkje tvil; fleire enn nokon gong reiser til fjellet i ferien.

Barnas Turlag nasjonalt har 11 prosent fleire medlemmer så langt i år, samanlikna med i fjor.

– Det er kjekt å sjå at arbeidet som blir lagt ned lokalt for at fleire grupper skal bli glade i friluftsliv fungerer. Så langt i år har DNT ei auke i medlemstalet på heile 6,3 prosent totalt i Norge. Veksten gjeld alle aldersgrupper, men særleg blant barnefamiliar, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

Her er DNT Valdres sine beste tips til haustferien:

Årets Kremtoppjakt

Sjølv om fristen for Kremtoppjakten er 5. oktober, melder ansvarleg for logistikken, Morten Helgesen, at «ingen kasser er planlagt tatt ned før tidligst siste helg i høstferien». Send eventuelt spørsmål til kremtopper@dntvaldres.no

Bu fast på ei hytte og gå dagsturar

DNT har til saman 550 ubetjente, sjølvbetjente og betjente hytter over hele landet. Hytte-til-hytte-tur Vel turar som passar formen du er i og som heile turfølget vil meistra. Ta høgde for tidleg skumring og legg heller opp til ekstra tid til å gå enn for lite. Då får de samtidig meir tid til peiskos, god mat, samtalar og ei bok, noko som også er en viktig del av haustturen.

Bu i telt

Å overnatte i telt er spanande, spesielt når det blir mørkt tidleg. Pass på å ha varme ullklede og hue med, og hald på varmen fram til du legg deg i soveposen.

Å overnate i telt er spanande, spesielt når det blir tidleg mørkt.

Å overnate i telt er spanande, spesielt når det blir tidleg mørkt. Foto:

Litt aktiv leik før leggetid gjer kroppen varm. Ein ekstra lyskilde er òg viktig – hovudykt eller lommelykt til lesestunda i soveposen. (hugs ekstra ladar/powerpack).

Gå på lommelykttur

Med kortare dagar er kveldstur med lommelykt tingen. Borna synes det er moro og spanande, for det meste ser ganske så annleis ut i lyset frå lykta.

Eit tips er å henge opp nokre reflekser undervegs. Då er det både lettare og kjekkare å finna vegen. Eller kva med å lage eit skattekart og legge ut små skattar i hagen eller skogen?

Et ute

Mat må ein ha, og kombinerer ein tur med middag, blirt det lettare å kome seg ut. Inviter med familie eller venner på haustpiknik.

Lag middag ute i haustferien. Pannekaker høver godt.

Lag middag ute i haustferien. Pannekaker høver godt. Foto:

Gå for enkle rettar som kan lagast på bål eller stormkjøken. Eller endå enklare; lag maten heime og ha middagen klar i boks og på mattermos.

Artikkeltags