Friluftsliv i romjula

Av

Romjula er ei tid der vi har lyst til å disponere tida vår til det vi ynskjer. God mat og selskap høyrer med,- og så er det kanskje sjakk eller anna sport som held oss i sofaen utover dagen.

DEL

Likevel er det mange som har valgt seg ein forfriskande tur ute i det fine vinterværet. På Skardåstøppen (1071 moh) har 620 personar satt sitt navnetrekk i boka frå 24.12-30.12. 120 har satt bumerket sitt i dag 30.12. Det er ein anstendig flokk med skiløparar. Dei vaksne som har over 10 turar er med i trekning om ein gevinst, og for ungar er antalet 5. Enkelte er no oppe i over 20 turar, sjølv om vinteren i år let vente på seg til godt inn i desember. Mange konkurrerer med seg sjølv og andre, slik at antal turar blir nokså høgt. Ja, så gale blir det at nokon trur det er alderen som står i parantes bak. Ein dag stod det difor 47 bak eit ukjent navn, og det var nok alderen. Men det er bra. Når det gjeld friluftsliv skal glede og moro rå grunnen. I alle fall er det bra at folk brukar dei tilbuda som er, og jula har gjett oss mange flotte naturopplevingar.

Artikkeltags