Lær deg å sove betre med søvnkurs på Frisklivssentralen

Frisklivssentralen i Øystre Slidre arrangerer Søvnkurset Sov godt med oppstart 10.oktober og inneheld fire kurskveldar à to timar.

DEL

HEGGENES: Kurset blir leia av frisklivsrettleiarane Anne Kari Nedrestøl og Liv Vingdal og vil foregå på Moatunet, Heggenes – påmelding til Frisklivssentralen i Øystre Slidre innan 4.oktober.

Kvifor søvkurs?

Dei fleste veit at røyking, alkohol, kosthald og mosjon er faktorar som har avgjerande betydning for helsa. Det er ikkje like godt kjent at også søvn har stor betydning. I Folkehelseinstituttets Rapport «Bedre føre var …» frå 2011 blir søvnproblem omtala som «landets kanskje mest utbreidte og undervurderte folkehelseproblem».

Dei fleste har kjent korleis ein dårleg natts søvn påvirkar humør, konsentrasjonsevne og energinivå. Søvnmangel påvirkar i tillegg immun- forsvaret og korleis vi reagerer på skader og stress, og det er samanheng mellom dårleg søvn og hjarte-kar-sjukdomar, fedme og diabetes. Det er med andre ord gode grunnar for at vi brukar nesten ein tredjedel av livet vårt på søvn.

Å streve med søvn er noko dei fleste av oss opplever frå tid til annan.

Nokon slit med innsoving, andre med uroleg nattesøvn og fleire oppvakningar, og atter andre med at dei vaknar for tidlig om morgonen. For ein del menneske blir søvnproblema kroniske og så omfattande at det går utover dagleg fungering og livskvalitet.

Mange med søvnproblem strevar med søvnen i årevis. For dei som får behandling for søvnproblem, er det oftast sovemedisin som blir brukt. Av og til kan sovemedisin vere nødvendig, men som oftast vil ikkje- medikamentelle tiltak vere eit betre alternativ. Ein kan oppnå betydelig forbetring av søvnen med relativt enkle grep - heilt bivirkningsfritt.

Dette er utgangspunktet for søvnkurset. Målgruppa er primært vaksne som har lyst til å lære om søvn, søvnvanskar og ikkje-medikamentelle tiltak for betre søvn. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet og er basert på kunnskap frå Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsjukdomar, Folkehelseinstituttet og Norsk Forening for Kognitiv Terapi.

Artikkeltags