Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Frivilligsentralen i Øystre Slidre har intervjua fleire frivillige for å høyre kva frivillig arbeid betyr for dei, og dei som vart intervjua representerer ulike deler av frivillig sektor i Øystre Slidre: både lag/foreiningar, frivilligsentralen og enkelt-frivillige elles.
«Frivillig arbeid er ei investering i eige liv», seier ei dame på 75 år. «Eg lærer noko nytt, føler meistring og får respons på at eg gjer ein god jobb», seier ein ungdom på 14 år. «Organisasjonsarbeid er lærerikt og ungane får jobberfaring», seier ein familiefar. «Frivillig arbeid lyser opp i kvardagen. Ein blir i godt humør av å vere på dugnad, og det er viktig å gjera ein samfunnsinnsats for lokalmiljøet», seier to andre. Og alle dei andre som er intervjua er tydeleg på at frivillig arbeid er meiningsfullt, sosialt, triveleg og lærerikt.
Kvifor er frivillig sektor gode og nødvendige aktørar i eit lokalsamfunn?
Frivillig arbeid har stor eigenverdi: Du blir ein del av eit hyggeleg nettverk og du får gode opplevingar med mykje humor og hyggelege samtaler. Du kan påverke og skape noko saman med andre, og du opplever glede og meistring. Du lærer demokratiske verdiar og organisasjonsarbeid. Frivillig arbeid er positivt både for ein sjølv og for lokalsamfunnet.
Frivillig arbeid har også stor nytteverdi: Du bidreg til at ditt eige lokalmiljø får gode, sosiale og kulturelle tilbod, tilrettelagde skiløyper/turstigar og musikk i 17. mai-toget. Du bidreg til at innsamlingsaksjonar eller andre hjelpeoppdrag kan gjennomførast og kjem til nytte for andre enn deg sjølv. Du gjer livet betre for andre og du kan bidra til å førebyggje einsemd både for deg sjølv og andre.
Den frivillige sektor har som drivkraft og motivasjon å drive med meiningsfylt arbeid som har både eigenverdi og nytteverdi. Dei frivillige er aktive innbyggjarar som tek ansvar for lokalsamfunnet sitt, og som gir av seg sjølv. Eit rikt og aktivt tilbod i regi av frivillig sektor bidreg til at folk møtes og får gode opplevingar i saman med sambygdingar.
Frivillig arbeid er eit svært godt folkehelsetiltak. Forsking viser samanheng mellom god fysisk og psykisk helse og deltaking i frivillig arbeid. Det gode fellesskapet med andre er helsebringande. Å dele sine interesser med andre gjev også utløp for kreativitet, i tillegg er frivillig arbeid ein viktig integreringsarena. Er du ny ei kommune, er deltaking i frivillig arbeid ein fin måte å bli kjent med andre innbyggjarar.
I Øystre Slidre er det 60 frivillige lag der både fastbuande og deltidsinnbyggjarar legg ned ein stor innsats. Det er ein god dugnadskultur i mange miljø i Øystre Slidre – særleg pensjonistane gjer ein stor innsats. Frivilligsentralen i Øystre Slidre har mange frivillige som er med og arrangerer aktivitetar og utfører hjelpeoppdrag i kommunen. Dei aller fleste frivillige på frivilligsentralen er pensjonistar og damene er i fleirtal.
Dei fleste frivillige oppdrag dreiar seg om praktisk arbeid som dei fleste kan utføre. Her bør vi bli endå betre til å synleggjera at frivillig arbeid kan vere enkle avgrensa arbeidsoppgåver som passar for folk flest. Det er viktig at det er låg terskel for å kunne delta i frivillig arbeid for å skape eit lokalsamfunn som er inkluderande og samlande for dei som lett fell utanfor etablerte nettverk.
Vi skal bli flinkare til å spørja endå fleire innbyggjarar i kommunen om dei har lyst til å bidra – kanskje er det ingen som har spurt deg om å vere frivillig? Lokalsamfunnet har bruk for deg og du vil få mykje positivt tilbake, og det er heilt sikkert mange som ikkje veit kva for eit positivt miljø dei går glipp av!
Så er det store spørsmålet: Er det færre eldsjeler i dag enn tidlegare? Det kan sjå ut som folk vegrar seg meir for å vere frivillige no enn før. Nokon kvir seg for å binde seg fast og andre trur ikkje dei har kunnskap nok. Og dei eldsjelene som finst, blir kanskje spurt litt for ofte om å bidra fordi andre seier nei.
Mange fritidstilbod i dag er så tilrettelagt at vi treng sjeldan å ha dugnad for å koma i gang – vi går til dekka bord. Har vi vorte meir opptekne av å verne om fritida vår fordi vi helst vil bruke den på oss sjølve og har den digitale verda fanga oss til eit passivt liv i eige hus? Og kanskje har koronatida gjort oss enda meir passive?
Øystre Slidre frivilligsentral ynskjer at Frivilligåret 2022 skal bidra til at fleire innbyggjarar i Øystre Slidre vil delta i frivillig arbeid. Om du ikkje blir spurt, så ta kontakt med frivillige lag eller frivilligsentralen for å høyre kva du kan bidra med. Frivillig arbeid er ei investering i eige liv! Vi ynskjer at barn/unge blir tidleg innlemma i frivillig arbeid saman med foreldra sine ved å hjelpe til på dugnad, på arrangement eller hjelpeoppdrag for eldre.
Frivillig arbeid er nyttig jobberfaring både for liten og stor. Vi ynskjer at dei frivillige blir flinkare til å framprate eigenverdien ved å vera frivillig og dele sine positive opplevingar med andre. Dette kan motivere fleire til å delta. Så håpar vi at endå fleire tenkjer at frivillig arbeid har ein nytteverdi både for seg sjølv og andre i kommunen.
Innhaldet for Frivilligåret 2022 og kva vi ynskjer det skal føre til i Øystre Slidre, vil bli tema i fleire forum fram mot nyttår. Frivilligsentralen inviterer herved alle til kan koma med innspel om korleis vi kan styrke frivilligheita i Øystre Slidre. Lokalsamfunnet er avhengig av at frivillig sektor blomstrar!