Turneringa er ope for kven som helst - grendelag, bedriftslag, vennelag osb.
- Vi vil sjølvsagt også gjerne ha så mange som mogeleg til å møte opp og heie. Det blir servert enkel grillmat, og vinnarlaget får vandrepremien - eit flott mjølkespann, seier Marte Tangen i Frivilligsentralen
Ho fortel at dei skal spele 7er-fotball, med blanda lag, og det blir korte omgangar. Til no er 6 lag påmeldt.
- Bli med du også - send ein epost til frivilligsentralen og meld på, oppfordrar Marte Tangen.