VESTRE SLIDRE: Om den nyoppretta prisen skriv FolkOrg at føremålet med denne prisen er å setje fokus på alt det gode arbeidet som vert lagt ned i små og store lag og miljø landet over.

Dei nominerte vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av innsende nominasjonar, og årets nominerte til prisen er Frode Rolandsgard, Harald Omnes og Gunnlaug Lien Myhr og Martin Myhr.

Om den lokale eldsjel-kandidaten skriv FolkOrg følgjande:

Frode Rolandsgard er ei stabil kraft innan folkemusikkmiljøet i Valdres og har hatt ein finger med i spelet innanfor dei fleste felt i miljøet dei siste 30 åra – her kan nemnast arrangement av Landskappleiken på Fagernes i 2015, og mangeårig hovudnemndsleiar i Jørn Hilme-stemnet, leiar av Valdres folkemusikklag og Vestre Slidre spel- og dansarlag.

Dei siste åra har han lagt ned ein stor innsats innanfor rekrutteringsarbeidet i Valdres, og er fast «pølsekokar» og organisator på dei månadlege samlingane til FolkemusikkUng i Valdres.

Elles kan det nemnast at Frode Rolandsgard gjennom plateselskapet sitt Ta:lik legg ned mange hundre timars ueigennyttig arbeidsinnsats for å få realisert ulike plate- og forlagsprosjekt både for valdrisar og folkemusikarar i andre delar av landet.

Frode har ei stå-på-vilje som er god å ha i både med- og motgang, noko ein ofte møter på når ein vel å engasjere seg innanfor rekruttering og arrangering i vårt felt.

Han er genuint oppteken av at folk skal få øyra opp for det heilt unike ved spel- og dansetradisjonane me har her til lands generelt, og Valdres spesielt.

Frode Rolandsgard er imøtekomande, positiv og inkluderande og den underfundige humoren hans bidreg til trivsel og god stemning.

Årets eldsjel 2021 vert offentleggjort i andre episode av FolkOrg sine adventssendingar, Adventfolk, sundag 12. desember.

Prisen skal gå til ein person som har utmerkt seg gjennom sitt engasjement og sin innsats for folkemusikken og/eller folkedansen i Noreg, og som i stor grad har stødd opp med friviljug arbeid gjennom året som har gått.

FolkOrg ønskjer å gje denne prisen til ein person som er med på å skapa eit godt, trygt og inkluderande miljø for folkemusikk- og folkedansinteresserte i alle aldrar, skriv organisasjonen i pressemeldinga.