VESTRE SLIDRE: Det vil vere aktivitet i området frå kl. 08.00 til kl. 23.00 denne dagen. Det vil vere ca. 30 køyretøy og ca. 60 personar i aktivitet under øvinga. Snøscooterar og helikopter vil bli nytta. Cirka kl. 13.00–14.00 vil det bli sprengt ut ein snøskavl ved Langeberg. Området vil vere sikra av politiet. Dette skriv Vestre Slidre kommune på sine heimesider.

«Vestre Slidre kommune setter stor pris å ha eit aktivt Røde Kors i kommunen. Høre og Vestre Slidre Røde Kors øver jamleg og godt saman med andre aktørar. Det sikrar god beredskap og tryggleik for dei som ferdast i fjellet», legg kommunen til.

Også Øystre Slidre Røde Kors er med på øvinga, saman med andre nødetatar.

Sjå øvinga i 2021 her: