Fylkesmannen ber om informasjon frå Øystre Slidre kommune om dispensasjonen til å etablere trillestig til Rjupetjednet

Trillestigen inn til Rjupetjednet har vore omstridd, men Øystre Slidre kommune har stått på sitt. Grunneigar Ole Thomas Grythe Nygard frå Høre i Vang har klaga på Øystre Slidre kommune sitt vedtak. No ber Fylkesmannen om meir informasjon; «Særleg visast det til dokument frå kommunen si fyrste handsaming», står det i brevet.