Fylkesmannen og rådmannen sa nei til bygging i landbruksområde i Volbu, men formannskapet sa ja

Ein gardbrukar i Volbu søkte om å dele frå ei bustadtomt på 2,7 dekar frå garden. Både Fylkesmannen i Innlandet og rådmann Jostein Aanestad i Øystre Slidre kommune hadde negativ innstilling til dette, ettersom tomta ligg på dyrka mark. Formannskapet derimot var samrøystes i ein dispensasjon og sa ja til bygging.