Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kvifor stasjon der? Jau, fordi stasjonen var kryssingsstasjon, tømmeropplastingsstasjon, nær nabo til eit nedlagt sanatoriehotell og på dette tidspunktet anleggsstasjon i samband med opprusting og elektrifisering av Gjøvikbanen. Her var eg utan jamaldrande leikekameratar, men eg fann mykje glede i ein sjølvbygd hoppbakke og ei lengdegrop eg og far min hadde laga.
Men temaet i denne kronikken var bøker og lesing. Tre år i fredfullt eksil gav meg ein unik sjanse til å lesa bøker og studere teikneseriar og sport i Arbeiderbladet og Gjøvik-avisene. Det nye livet vinterstid bestod i å kløyve ved, moka snø, gå på ski og lesa bøker.
«Dessverre går det no sterke rykte om at skriftstyret for Valdres Historielag vil legge årboka på is»
Plutseleg befann eg meg i eit bokeldorado. Det var Bobseybarna, 5-bøkene, Hardyguttene, Hjortefotbøkene, Gulltopp og indianarbøkene til James Fenimore Cooper om Lærstrømpe: Hjortedreper, Den siste mohikaner og Stifinner. Men det var sjølvsagt også bøkene til Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly om mormor og dei åtte ungane i skogen, og Donald, teikneserien Blåmann i Illustrert Ukeblad og cowboyblada som mommo ikkje likte, Wild West og Præriebladet.
Då eg kom til Leira som tiåring, vart det også nynorske barnebøker og Norsk Barneblad. Og når nettene vart lange og jula nærma seg, var det sjølvsagt også tid for julehefta, Smørbukk, Tuss og Troll og 91 Stomperud.
Vinklinga mi er nostalgisk, men det dreier seg ikkje berre om nostalgi. Det å kunna lesa og skrive er inngangsportalen til å fungere i eit moderne samfunn. Dessverre er ikkje dette alle forunnt, 570 år etter at Johann Gutenberg fann opp boktrykkarkunsten. Ifølgje FN er det 750 millionar menneske over 15 år som ikkje kan lesa og skrive. Det gjeld også nokre av dei flyktningane som kjem til Valdres og resten av landet. Dei får mildt sagt ei bratt læringskurve når dei skal lære å lesa og skrive norsk, og jamvel må lære lese- og skrivekunsten frå botnen.

Skal vi la Putin stoppe eit viktig samferdselsprosjekt
Samtidig er det grunn til å uroe seg over at leseferdigheitene også blant barn og unge i den vestlege verda, inkludert Noreg, går ned. Det viser resultat frå både nasjonale og internasjonale studiar. Barn og unge bruker mindre og mindre tid på bøker og papiraviser, men meir og meir tid på skjerm. Noko les dei nok der òg, men i stor grad er det bilde som flimrar forbi.
Med andre ord: Den beste julegåva du kan gje barn eller barnebarn, er ei bok. Barnelitteraturen har endra seg mykje sidan min eigen generasjon las barnebøker. Då var dei norske barnebøkene snille, og det handla ofte om livet i små lokalsamfunn. Med unntak av den verdsberømte Onkel Toms hytte, som tok opp rasespørsmål i USA alt på 1850-talet, kan eg ikkje hugse barnebøker som drog opp store samfunnsutfordringar. Det kom fyrst for fullt på 1970-talet då barnebøkene også skulle ta for seg livet til barn i skilsmissefamiliar, kjønnsproblematikk og andre samfunnsutfordringar.
Med Harry Potter slo fantasylitteraturen til for fullt, også blant barn og ungdom. Ja, vi hadde jo hatt Tolkiens Hobbiten, som var skriven alt før krigen, og for eksempel Narnia-serien. Men i kjølvatnet på Harry Potter har det kome ei rekke fantasybøker. I ei verd med krig, svolt og klimautfordringar har vi kanskje meir enn nokon gong behov for å drøyme oss tilbake til ei verd med drakar, alvar, hestar med venger og andre overnaturlege vesen. Og då er jo ringen slutta. I Eventyr og segner frå Valdres, skrivne ned av Andris Eivindsson Vang i 1850, er det jo flust med overnaturlege vesen i form av tussar, nissar, haugafolk, bergtroll og andre fantastiske skapnader.
Uansett, det er nok av bøker å velja i. I år skal det visst nok vera produsert heile 700 nye titlar berre med skjønnlitterære bøker. Kvar finn du så bøkene du vil ha?
Er du på besøk i Oslo, gå gjerne innom det nye, flotte folkebiblioteket Deichman. Det er fantastisk og inspirerande. Ta gjerne også turen innom Norli i Universitetsgata. Men du behøver ikkje kjøpe bøkene der, og heller ikkje på nettet. Noter deg eller ta bilde av bøkene du gjerne vil ha, og kjøp boka i bokhandelen på Fagernes. Eller gå på det lokale biblioteket. Har dei ikkje bøkene du vil ha, kan dei bestille. Og kikk i daglegvarebutikken med. Også mange av desse er bevisste det kulturelle ansvaret sitt og har bøker i hyllene saman med lefse, rakfisk, sylte og julekaker.
I den digitaliserte verda vår treng vi å roe oss ned. Det kan du gjera ved å koke deg ein kopp kaffi, finne fram ei kake og ta plass i godstolen med ei god bok. Set gjerne på ein CD med langeleikmusikk. Det gir deg sjelefred.
Og ingen ting er som ei bokpakke under juletreet! Ønsk deg derfor ei bok til jul. God jul til alle – med ei spennande bok!