Løken gard i Volbu har i mange tiår vore eit ressurssenter for norsk fjellandbruk og viktig landbruksforsking. Saman med dei andre statlege forskingsstasjonane har arbeidet her hatt avgjerande betydning for mellom anna utvikling av robuste grassortar som passar for landbruket i område som våre.

Drifta ved den verdsette institusjonen i Volbu har også gjennom åra gjennomgått mange endringar og tilpassingar, ikkje minst er aktiviteten vorte noko fasa ned. Så kom vedtaket om at drifta skulle leggjast ned og Staten styrt av regjeringa ville kvitte seg med den historisk flotte garden og tunet. Det var nesten som at det hasta frå regjeringa si side å få salet effektuert fortast råd før valet.

Tysdag kom meldinga om at landbruks- og matministeren Sandra Borch gjekk inn og stoppe salet. Det er ikkje sagt direkte, men det ligg openbert klart for at Løken kan få eit nytt liv som eit nasjonalt senter for fjellandbruket. Det er eit av tiltaka som er å finne i regjeringserklæringa, den såkalla Hurdalplattforma. Det er ein veg fram dit, naturlegvis, mellom anna må det løyvast pengar og leggjast til rette for at det kan gjennomførast. Men det er mogleg, ja, fullt mogleg.

For Valdres handlar dette om statlege og interessante kompetansearbeidsplassar. Det handlar også om noko som er mykje større enn det. Eit nasjonalt forskingssenter for fjellandbruket kan også vera halmstrået som fjellandbruket verkeleg treng no. Det for å utvikle seg og klare seg i ein stadig meir krevjande tid for landbruksproduksjon.

På Løken er det lange tradisjonar for forskingsverksemd, og føresetnadene fysisk må vera optimale. Eit slikt senter vil også vera ein viktig motor i tilpassinga og utviklinga for landbruket i område som våre. Ikkje minst som bidrag til busetjing og ressursutnytting. Også støling og stølslandbruket må kunne bli ein viktig del av dette.

Vi er viss på at Øystre Slidre kommune og også dei andre kommunane i Valdres og landbruksorganisasjonane med fleire vil støtte oppunder det som er i emning. Lokalt står vi no framføre ein viktig jobb med å leggje til rette for at store tankar og vyar kan bli til noko stort og banebrytande, som naturlegvis kjem Valdres til gode, men også er avgjerande for heile fjellandbruket i Norge. Vårt råd er at vi også lokalt må vera på tilbodssida. Vi må tenkje stort og framtidsretta.

På Løken er det lange tradisjonar for forskingsverksemd, og føresetnadene fysisk må vera optimale.