Gå til sidens hovedinnhold

Går det mot fleirtal for Ap, Sp og SV?

Valdagsmålinga syner eit knapt mandatfleirtal for Ap, Sp og SV. No må Trygve Slagsvold Vedum i tenkeboksen.

Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.

Senterpartiet har hamra og hamra på den same bodskapen: Partiet skal ikkje i regjering med andre parti enn Ap. Seinast under Sp si valvake gjentok parlamentarisk leiar Marit Arnstad at Sp ynskjer seg ei Ap/Sp-leidd regjering. Noregs – truleg – neste statsminister, Jonas Gahr Støre, ynskjer seg derimot SV inn i koalisjonen – slik partia styrte saman frå 2005 til 2013.

Valdagsmålinga no syner 86 mandat til Ap/SV/Sp. Det vil leggje ekstra press på partileiar Trygve Slagsvold Vedum og resten av partileiinga alt i kveld. Men ingenting er avgjort.

Valdagsmåling er valdagsmåling. Men nytt i år er at dei rekordmange 1,5 millionar førehandsrøystene gjev ein betre peikepinn enn nokon gong før på korleis resultatet blir. Alle røystene er enno ikkje talde opp. Både KrF og Venstre vakar rundt sperregrensa. Knappe fleirtal kan bli til knappe mindretal. Og kven hamnar då på vippen i Stortinget? MDG? Raudt?

Det som er sikkert, er at det blir regjeringsskifte. Veljarane takkar nei til attval av Erna Solberg, og alle dermed alle moglege utgåver av borgarleg regjering me har sett dei siste åtte åra. Det skjer det same med Solberg no som med Stoltenberg i Noreg – etter at Ap for alvor måtte gje frå seg regjeringsmakt i 1965 (sett bort frå nokre fire veker med Lyng-regjeringa i 1963) ynskjer ikkje veljarane i Noreg at ein statsminister og ei regjering blir sitjande lenger enn to periodar.

Det var nok mange som lo skadefro då Vedum i desember 2016 uttala at Sp skulle bli landets tredje største parti. Den gong synte målingane eit Sp på 7,2 prosent, eit lite hav etter Frp på 16,5 prosent. No har Vedum klart det, om valdagsmålinga held heilt inn. Partiet får 14 prosent på valdagsmålinga, og har eit solid forsprang på Frp.

I Valdres syner valdagsmålinga framgang for Sp i alle kommunar. Sp får saman med Ap solid fleirtal, frå Vang i vest til Etnedal i aust.

Resultatet i seg sjølv vil nok ha ein bismak for Sp. Sp er det partiet som har tapt mest i oppslutning på meiningsmålingar frå nyttår og no fram til valet. I desember vart partiet attpåtil målt til landets største parti. Luven har gått ut av partiet dei siste månadane, i kombinasjon med at distriktsopprøret sine høglydte stemmer har vorte fjernare og fjernare. Valkampen har handla meir om skatt og skule, om klima og sosial utjamning.

Det har skapa vekst for Ap, som har løfta seg fleire prosentpoeng i valkampinnspurten. Ap blir landets største parti, det kan ein trygt slå fast sjølv om alle stemmer ikkje er talde opp.

Den store thrilleren i Oppland blir utjamningsmandatet. Her vil kampen stå mellom MDG, SV, Raudt – og Venstre og KrF om desse to kjem over sperregrensa på fire prosent.

Kommentarer til denne saken