Gå til sidens hovedinnhold

Går frå vinter til haust

Hemsingfestivalen gjekk klår av «koronaen» med to veker i fjor – i år må dei bytte årstid og går frå vinter til haust i koronatider.

AURDAL: Skrur vi tida elleve månader attende, var verda ved det vante i «Aurdalsbyen». Nok ein gong hadde Hemsing-systrene invitert musikalske vener frå fjern og nær og bydd inn til klassisk musikkfestival.

Sjølv om ein hadde høyrd snakk om eit særs smittsamt virus frå Asia som kom stadig nærare Europa og vårt eiget vesle land, var det lite som vitna om koronakvardagen som venta nordmenn drygt eit par veker seinare desse vinterdagane i fjor.

Bildeserie

Ser du noen kjente på rakfiskkonsert?

Andre scener

Fastbuande, hytteeigarar og tilreisande sat då side om side tett inntil kvarandre på kyrkjebenkane under konsert, gjestar delte matfat og store musikkaugeblink då dei pakka seg tett om borda på rakfiskkonsert på Noraker Gård og Arve Tellefsen la armane om skuldrene til Ragnhild og Eldbjørg Hemsing då «the grand old man» i norsk klassisk musikkmiljø skrytte hemningslaust av arrangementet og dei tre stjernefiolinistane dalføret har fostra.

Les også

– Unikt med tre fra samme sted

Dette er scener som frå den 12. mars sidan har verka som ein utopi i tider med sosial distansering. Neste månad skulle det likevel ha vorte Hemsingfestival på ny i nedskalert, smitteverntilpassa form, frå 26. februar til 28. februar. Slik blir det ikkje.

Les også

Hytteeiere – og hotellgjester

– Inga avlysing

– Som festivalarrangør er me no i ein situasjon med stor usikkerheit og med nye strengare retningslinjer og restriksjonar på grunn av covid-19. Etter samtaler med kommuneoverlegen i Nord-Aurdal, har administrasjonen i samråd med styret til Hemsingfestivalen no vedteke å flytte festivalen frå februar til 8.-10. oktober i år. Dette er difor inga avlysing, men ei endring av datoar, seier Eldbjørg og Ragnhild i ei pressemelding.

Les også

Tok med barnebarna

– Festivalen i oktober vil bli gjennomført med same plan som me skulle hatt i februar i år, fortsett dei. Det blir med det lagt opp til «intime møte med stor musikk» til hausten i staden, med systrene sjølve, pianist Håvard Gimse, bratsjist Eivind Ringstad, mezzosopran Marianne Beate Kielland og cellist Dorran Alibaud på artistlista.

Norsk klassisk musikkmiljøs «grand old man», Arve Tellefsen, hadde publikum i sin hule hånd da han spilte for smekkfulle Frikar-Smia i Aurdal lørdag kveld. Den folkekjære trønderen frambrakte brølende latter da han fortalte om hvordan han forsøkte å unnskylde at han trøtt og med konsertnerver først reagerte med stumhet, etterfulgt av kommentaren «I know you!», da han møtte en morgenfrisk Pierce Brosnan – eller «James Bond» om du vil – i heisen på et luksushotell på Manhatten. Det ble på sin side umiddelbar knappenålsstillhet hver gang han plukka opp fiolinen for å spille – som da han sammen med pianist Julien Quentin framførte Ennio Morricones velkjente temamusikk «Gabriel's Oboe» fra filmen «The Mission», som du ser i klippet over. Dersom du ikke var en av de heldige som kunne løse billett til den utsolgte intimkonserten, har du fortsatt muligheten til å se Arve Tellefsen opptre under Hemsingfestivalens avslutningskonsert i Aurdal kirke på dagtid søndag, der også en rekke andre av festivalens artister skal spille.

Kommentarer til denne saken