VANG: På byttemarknaden kan du ta med både friluftsklede- og utstyr til alle sesongar. Du leverer inn maks sju ting/klede, og får lappar som du igjen kan bruke for å bytte til deg noko du sjølv treng.
Du kan også levere det du vil bytte inn i forkant, kom då til kontorfellesskåpet 1724 i Vang, mellom 4. og 8. juni. Inngong på sørre hjørnet av Vangstunet.
Det blir óg eit salgshjørne i lokalet, der du kan selje/kjøpe dyrare ting med Vipps. Treng plagga små reparasjonar finst ei symaskin på staden.
– Vi vonar sjølvsagt at så mange som mogleg kjem, og at arrangementet kan bidra til at turklede- og utstyr får enda lengre levetid, seier Julie Forchhammer, festivalsjef på Vinjerock.
Det blir enkel servering.
Om klede og utstyr blir til overs vil frivilligsentralen gjere nytte av overskotet.
Byttemarknaden er ein del av «Vinjerock heile året», ei rekkje med kurs og aktivitetar til glede for innbyggjarar i Vang og Valdres. Prosjektet starta opp i 2018 etter at Vinjerock fekk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Vil inspirere til gjenbruk
Byttemarknaden blir arrangert i samarbeid med Vang Frivilligsentral, Outtt, Vang Klatreklubb, Vang turlag, FK Vang, Høre og Ryfoss IL, Fjellblom IL og Vang IL.