Gå til sidens hovedinnhold

Gjentek populær jobbsatsing for tredje gong: No har dei opna for søknadar

Nye sommarjobbar hjå Vang-verksemdene Frisk Forlag, Weisstech og Mountains of Norway/Outdooractive er no lagt ut gjennom Fjellspire-samarbeidet.

VANG: Dette er tredje året for det såkalla Fjellspire-samarbeidet der kreative miljø Fjell-Noreg, nærare bestemt Numedal, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen, samarbeider om å tilby relevante sommarjobbar til unge under utdanning.

– Denne sommaren kan ein velje mellom felt som helse- og omsorg, økonomi, reiseliv, stirydding, grasklipping og innhaldsproduksjon for sommarjobbar i Vang. Sommaren vert med det eit godt døme der alle moglegheiter ligg der for den som vil satse på bygdelivet.

Det fortel Hallgrim Børhus Rogn, dagleg leiar i Innovangsjon - som står bak Fjellspire-satsinga - til eige nettstad.

Sommerjobbane hjå Frisk Forlag, Weisstech og Mountains of Norway/Outdooractive, og andre jobbar i dei øvrige fjelbygdene, finn du på fjellspire.no. Søknadsfristen på jobbane i Vang er 1. mars.

Les også

Åshild og Guro er klare for «ein sommar med meir enn kontorutsikt»

Les også

30 søknader til tre sommerjobber i Vang: – Stas at unge folk ser muligheta til å bidra inn i bedriftene

Les også

Fire fjellspirer har lagt Vang for sine føter: Ida Johanne, Guro, Petter og Guro kom gjennom nålauget

Kommentarer til denne saken