Gå til sidens hovedinnhold

Gjev gass i Øye: Simen og Marita byggjer på med funkishus i vinter

Som fersk tobarnsfar, ny medarbeidar i Øye Bygg & Bo AS og med husbygging på gang i Øye sentrum er Simen Måren Stende akkurat der han vil vera.

VANG: – Heilt ærleg følte eg livet gjekk litt på tomgang «nedanfor», sjølv om kvardagen var travel så det held. Alt eg set høgast er så mykje lettare tilgjengeleg her, så det kjenst godt å vera opp att, fortel Stende.

Denne hausten flytta Simen saman med kjærasten Marita Skrebergene frå Øystre Slidre og ein unge til Øye der Simen har vakse opp. Nokre dagar seinare kom unge nummer to til verda.

– Det er litt boble no, som det skal vera. Men vi har vorte godt tekne i mot i barnehagen og har familien tett på til å bidra, fortel Stende.

Bytter yrke

Familien selde hus på Nannestad før dei flytta oppover no, der Marita har jobba som flyvertinne og Simen har vore el-kontrollør.

– Vi hadde fått vite at nummer to var på veg i vinter då plutseleg Arne Martin Bøe i Øye Bygg & Bo AS ringte og lurte på om ikkje eg ville ha arbeid. Då fekk det vi har snakka om i mange år fart, og no er vi på plass her, fortel Stende.

Dei siste vekene har gått med på å verta kjend med firmaet på alle nivå, der han skal jobbe som lagersjef og etter kvart meir og meir administrativt med heile drifta.

Øye i vekst

Familien har flytta inn på garden til foreldra mens dei rustar opp eit hus ved Øye samfunnshus denne vinteren.

– Her har vi rom til å få til eit så stort hus vi ynskjer å ha med dei romma og funksjonane vi treng. Den gamle delen vert rusta opp, mens denne vinteren går med til å setje opp eit påbygg i funkisstil med store vindauge og flatt tak.

Til den jobben har Marita og Simen hyrt inn eit snikkarlag frå nabolaget.

– Alle fire snikkarane kan vel då gå bort på byggjeplassen heile vinteren. No ventar me berre på nokre avklaringar frå kommunen, så går vi i gang. Håpet er å begynne å bruke påbygget til våren.

Sjølv om Simen er frå Øye var det ikkje sjølvsagt at familien skulle ende opp der. Både bylivet, Øystre Slidre og andre plassar i Vang har vore vurdert, men kombinasjonen av ny tunnel forbi Øye, tilbod om arbeid og eit hus med potensial vart avgjerande.

– Hadde det ikkje vore for tunnelen hadde vi ikkje vurdert dette huset ein gong. No har det vorte heilt ideelt nabolag med stort leikeområde ved gamle barnehagen, gymsal på samfunnshuset, ein god grendeveg med lite trafikk og gangavstand til familie, venner og andre barnefamiliar.

Bonushjort i haust

Særleg jakt og fiske står Simen nært og sjølv om han denne hausten har meir enn nok med familieauke, ny jobb, og byggjeprosjekt, rakk han faktisk å skyte ein kronhjort nokre dagar før termin.

– Det var elgjakt og heile laget var på veg ut på post. Eg gjekk eit stykke framfor dei andre, då bukken plutseleg kom ruslande ut av skogen framfor meg. Akkurat det var like mykje flaks som dyktigheit, men det er klart, eg hadde ikkje vore på jakt i det heile den dagen om vi ikkje hadde flytta hit.

Kommentarer til denne saken