VANG: – Det er utruleg artig og motiverande å gå av med sigeren i Innlandsmesterskapet. Då får ein jo på ein måte ein stadfesting på at det ein gjer og tenkjer er riktig, seier Eline Søndrol Hålien (17).
Ho og Katarzyna Szalaj fekk den gjeve gullmedaljen i Innlandsmesterskapet på Otta. Her konkurrerte dei mot fleire elevar på helsefag-linja, og vart utfordra på både teori og praksis.
– Me fekk ein case me skulle løyse på best mogleg vis. Då hadde me ein del med planlegging, ein del der me skulle inn til ein bruker og utføre stell, berre skodespel, men likevel heilt reelt. Og til slutt inn til eit dommarpanel og grunngje utføringa, seier Katarzyna.
– Kjensla av å vinne var fantastisk, og me vart veldige glade. Me hadde aldri klart dette utan ein veldig engasjert lærer og ein veldig god og støttande klasse, seier Eline.
Vidare til NM i Mandal
Ikkje berre vart det gullmedalje i Innlandsmesterskapet, no skal jammen duoen til Mandal for å konkurrere i NM i slutten av april!
– Det er gjævt og me gler oss skikkeleg! Då skal me konkurrere mot elevar frå alle fylke i Noreg, så det vil jo bli tøff konkurranse. Det er fleire feller å gå i, det er meir utfordrande og krevjande å oppfylle alle kriterium, seier Eline.
– Eg har jo klokkartru på at me har gode sjansar til å vinne, eg er veldig optimistisk. Mens Eline er realistisk og jekker meg litt ned, så me utfyller kvarandre særdeles godt, ler Katarzyna.
Vangsduoen bur saman på Gjøvik, der dei studerer helsefag med studiekompetanse og nyt det sentrumsnære bylivet. Skjønt einige er dei om at det er deilig å kome seg ut av bygda og oppleve noko nytt, sjølv om Vang alltid vil liggje hjarte nærmast.
– Me trivst veldig godt her, og synest det er deilig at det er mange moglegheiter og kort veg til alt. Her kan ein jo gå til skulen, butikkar og alle aktivitetar, smiler Katarzyna.
– Det er deilig å bu litt meir sentralt og ikkje måtte køyre overalt. Men, så er det jo slik at uansett kor me er, så vil alltid Vang vere heime, smiler Eline.