Gå til sidens hovedinnhold

Gledeleg freding av viktig kulturminne

Innlandet fylkeskommune ynskjer å frede Bagnsbergatn for framtida. Det er svært gledeleg at om garden, som hadde nokre av dei hardaste kampane i Sør-Noreg krigsvåren 1940, no endeleg blir freda.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Ein vårdag i 1940 kom krigen også til Valdres og Sør-Aurdal. 25 sivile vart tekne til fange då tyske soldatar tok Bagnsbergatn gard. No vil Innlandet fylkeskommune frede garden, som har stått meir eller mindre slik den gjorde april 1940.

Krigshendingane i Valdres våren 1940 og hendingane på Bagnsbergatn gard er skildra i den nyleg utkome kome boka «De valgte å slåst» av Erik Thomassen. Natt til 20. april hadde tyske soldatar innlosjert seg på garden, og teke dei sivile som var på garden til fange. Målet for tyskarane var å gå til åtak på dei norske stillingane i området, særleg den ved Storbrufoss, og starta 19. april på ein flankemarsj for å gå rundt dei norske styrkane. 17 falne og 19 såra tyske soldatar var resultatet av flankemarsjen.

Les også

Nå fredes et helt spesielt krigsåsted i Valdres

Garden Bagnsbergatn ligg i lia nord for Bagn, og vart i fjor kjøpt for ein million kroner av Gunnar Sønstebys Minnefond. Ifylgje Sønstebyfondet skal tidlegare forsvarssjef Harald Sunde ha ei viktig rolle i prosessen fram mot freding. Garden har ei unik krigsminnesamling, og har vore ein stad der stadig nye generasjonar har fått lære om krigen, hendingane i Valdres, om kva dei norske soldatane kjempa for.

Bagnsbergatn har i mange tiår vore ein viktig lærestad for kunnskap og formidling om andre verdskrigen og dei harde kampane som gjekk føre seg i Valdres. Ikkje minst har eldsjel Kristian Bergsund, som i fjor fekk Sønstebyprisen for arbeidet han har lagt ned for mellom anna formidlinga om andre verdskrigen, ein stor del av æra for at Bagnsbergatn har vore så godt teke vare på. Bergsund har i over 35 år på frivillig basis drive haldings- og informasjonsarbeid med utgangspunkt i Bagnsbergatn, noko som har vore viktig for å ta vare på garden som eit informasjonssenter.

Les også

På 80-års­da­gen for dei har­das­te kam­pa­ne: Sønstebys Minnefond har kjøpt Bagnsbergatn

At Innlandet fylkeskommune no set i gang prosessen med å frede Bagnsbergatn, er svært gledeleg. Det er berre litt over to år sidan at Riksantikvaren sa nei til freding, sjølv om garden sidan 1986 har vore eit nasjonalt krigsminnesmerke. Fylkeskommunen meiner ei freding vil sikre det nasjonale, verdifulle kulturminnet for framtida, og ikkje minst sikre pengar til vedlikehald.

Les også

Sivilisten som er høyere dekorert enn svært mange offiserer: – Og jeg som ikke engang fikk lov å avtjene verneplikten

Kampen om Bagnsbergatn gard var ein av dei mange kampane mot at nazistane skulle vinne krigen. Kampane i Bagn vart nokre av dei hardaste i heile Sør-Noreg krigsvåren 1940, og tyskarane lei her eit av dei største tapa på norsk jord. At garden framleis skal vera ein stad for formidling og kunnskap om demokrati og krig, er viktig for komande generasjonar.

Kommentarer til denne saken