Valdres: I perioden frå 28. juni til 1. september har trafikken med Valdresekspressen hatt ein passasjerauke på 4,4 prosent. I denne perioden har totalt 45.000 passasjerar reist med Valdresekspressen, med utgangspunkt i så å seia same rutetilbodet som året før.
Tenkjer miljø
– Vi trur at klima- og miljødebatten og fenomenet «Flyskam» fører til at fleire vel å reise til turistdestinasjonar i heimlandet, og at dette bidreg til veksten i busstrafikken, seier Kvame.
Det er spesielt turisttrafikken til Gjendesheim, Bygdin og Lom som aukar – og til Flåm for Øst-vestekspressen sin del. Men trafikken til Beitostølen sviktar.
– Det merkelege er at trafikken til Beitostølen går ned. Her er det ein svikt på heile 19 prosent, seier Kvame, som ikkje har gode forklaringar på det. Beitostølen har jo hatt ein veldig vekst i hytter og folk. Kanskje er endringa i klientell, frå fjellturistar til utanlandske bussgruppeturistar ein del av forklaringa. Fagernes som destinasjon er derimot stabil, og resten av Valdres følgjer i stor grad folketalsutviklinga, altså litt nedgang.
Auke på Oslo lufthavn
Ser ein på dei ulike avgangane, ser vi ein auke i passasjertalet til og frå Oslo lufthavn, Gardermoen. Fire dagar i veka går det buss frå Fagernes til Oslo lufthavn klokka 11.35 med retur 17.20. I tillegg går kveldsbussen frå Oslo klokka 20.35 via Oslo lufthavn. Dessutan går det buss frå Fagernes 09.35 til Oslo lufthavn og retur klokka 13.20 til Beitostølen på laurdagar og søndagar i sommar- og vintersesong. Denne ruta rekk også samband vidare frå fagernes til Leirvassbu, Lom og Tyinkrysset.
– Kva er dei mest populære avgangane på Valdresekspressen?
– Det er nok avgangen frå Fagernes mot Oslo klokka 11.45. Denne er stabilt god. I motsett retning er det mest reisande på 13.05-avgangen frå Oslo.
Nye E16-strekningar
– E16 blir utbetra på fleire punkt. Kva vil det bety for dei bussreisande?
– Det blir fyrst og fremst ei meir komfortabel reise, seier Kvame. Mot Oslo vil ein dra nytte av den nye Bagnskleivtunnelen, ein vil sleppe å kjøre innom Bagn sentrum, og den nye busshaldeplassen i Bagn ligg på nedturen rett inntil E16. Her kan ein fort spara inn to-tre minutt til saman. 9. oktober opnar den nye firefeltsvegen mellom Vøyenenga og Sandvika.
– Dette vil føre til mindre kø og kork. Når det gjeld val av trasé her, så må vi prøve oss fram. Sjåføren vil truleg velja ulike trasear ut frå trafikkbildet. Men på tur ned mot Oslo vil vi nok bruke den nye tunnelen, seier Kvame.
– Blir det raskare kjøretid til og frå Oslo?
– Vi må bruke tida framover som ein prøveperiode. Det er lagt opp til rutejusteringar til våren, seier Kvame, som viser til at dei store endringane fyrst vil koma når vegen over Sollihøgda og vidare til Hønefoss er ferdig.
Busspassasjerane kan elles snart glede seg til å kjøre gjennom ny tunnel mellom Øye og Eidsbru. Her har også Statens vegvesen regionen vest sørga for å laga ein skikkeleg god og praktisk busshaldeplass med stor parkeringsplass og med undergang og påstiging på begge sider.
– Der er det laga ein skikkeleg «park and ride», eit eksempel til etterfølging, seier JVB-sjefen.
JVB driftar også Øst-Vest Xpressen. Her kan ein frå juli neste år sjå fram til ny veg over Tonsåsen, noko som kan gi bussen ei innsparing i kjøretid på rundt eit par minutt. I 2017 la denne ruta om traseen. I staden for å kjøre den svingete vegen om Torpa, gjekk bussen over til å kjøre om Gjøvik.
– Bussen bruker 20 minutt meir ved å kjøre her. Men det var eit riktig val. Etter omlegginga har vi hatt bra vekst her, seier Kvame.
Rute utan tilskot
I motsetning til lokalrutene og regionrutene i Valdres er Valdresekspressen hundre prosent kommersiell. Dei vil seia at JVB driv Valdresekspressen heilt utan offentlege tilskot, det er berre billettinntektene frå passasjerane selskapet lever av.
– Inntil 2015 gjekk delar av Valdresekspressen inn i det fylkeskommunale nettet, men frå 1. januar dette året valde vi å bli hundre prosent kommersielle, seier Kvame. JVB fekk raude tal i rekneskapen for 2018, men meiner at selskapet no er på rett veg. JVB har fleire bein å stå på, blant anna turbussar, Fagernes verkstedsenter, Jotunheimen Travel, beltebilverksemda og båten Bitihorn på Bygdin.
– Båttrafikken var veldig bra i sommar, og vi kom opp i 10.200 passasjerar, fortel Kvame.
Kvame har tru på framtida til ekspressbussen. I dag er det slik at folk kvir seg for å kjøre inn til Oslo, på grunn av bompengar og høge parkeringsavgifter i parkeringshusa. Og kjører du dieselbil med piggdekk blir det endå dyrare. Då blir det fort 400 kroner berre i avgifter, og i tillegg kjem kjøreutgiftene att og fram. Då blir bussen med sju avgangar, omtrent annankvar time, eit godt alternativ.
Kommentarer til denne saken