Gå til sidens hovedinnhold

God påske til alle lesarar!

Også påsken i år blir utanom det normale. Då er det viktig å ta vare på kvarandre.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Påsken er ei tid for refleksjon. For å senke skuldra, samle familien i godt lag. Gå skiturar, reise på hytta, til Syden, besøkje vener og familie som bur andre stader. Ikkje minst er påsken ei høgtid som tyder mykje for mange også andeleg og religiøst.

At påsken 2021 skulle bli om lag lik den vi hadde i fjor, ville kanskje ikkje dei mest pessimistiske mellom oss sjå føre seg. Likevel er det nedstenging som møter oss ved inngangen til påskehøgtida. Vi har skrive det før og skriv det på nytt: No må vi ta vare på kvarandre. Spesielt når det for mange blir opplevd som ekstra tungt å måtte stenge ned eller nedskalere verksemda si, og andre kvir seg for å gå på besøk og få besøk sjølv innanfor smittevernrammene. Vi treng å halde ut over den siste kneika, som har vorte mykje brattare enn vi såg for oss berre for eit par veker sidan.

Vi håpar lesarane våre sender ein ekstra tanke til nokon som treng det no i påsken. Send ei påskehelsing, om du kan. Ta ein telefon, inviter til ein nettkaffi eller ein kopp utandørs om vêret tillèt det. Å ha omsorg for kvarandre kostar så lite i ei vanskeleg tid.

Fredag kom meldinga om at avgjerda kring vaksinen AstraZeneca blir utsett til midten av april. Det er overvegande viktig at folk har tiltru til vaksinane. Sjølv om mange som har teke vaksinen ikkje har hatt biverknader, er vi glade for at styresmaktene har ein føre-var-strategi når det gjeld vidare vaksinering.

Samstundes er det slik at vi treng vaksinar for å få bukt med koronasmitta. Opninga av samfunnet er sett på vent, både fordi vi ikkje har kome langt nok i vaksineringa og fordi koronaviruset framleis breier om seg. Det har ein kostnad for næringsliv, for offentlege budsjett, for sårbare barn og unge, eldre som framleis ikkje får besøk, for familiar og enkeltpersonar.

Vi er trøytte, slitne og leie. I slike stundar er det vanskeleg, men svært viktig, å kunne finne glede kring seg – om det er snøen som smeltar, fuglar som kvitrar, eit smil og eit hei til nokon du treff på skituren, eller å finne tid til å laga sosiale samvere og bryte opp dagen med dei du har rundt deg. Det einaste vi kan vera sikre på, er at samfunnet ein dag blir opna att.

God påske!

Kommentarer til denne saken