Og refleksjonane som skribenten deler med oss lesarane, er dei beste og mest betimelege eg har lese på lenge. Nythun Utheim har vokse opp i nøysemd, skriv ho, slik mange av oss har gjort i Norge. Fråtsing var ein uting; det var både nødvendig og naturleg å ta vare på det ein hadde. Det er truleg difor ho set gåseauge om ordet «krise» i overskrifta om dagens situasjon.

Les også

I «krise»tider

For når det gjeld den høge straumprisen vi opplever, er det nok ei krise for somme, men håpet om å kome «tilbake til normalen» som også statsministeren uttrykkjer det, så minner Nythun Utheim om at normalen for nordmenn flest er å ha 22 grader overalt i husværet, at vi kan kaste i gjennomsnitt 24 kilo klede per person i året, og at kvar tredje handlepose med matvarer går rett i søpla. Same vegen, i ein annan dunk får vi tru, går 12 600 tonn småelektronikk, og der er det berre eit par arabiske oljeland som overgår oss!

«Så med andre ord», skriv Nythun Utheim, «det er typisk norsk å vera god til å forbruke og kaste».

Og det er neimen ingen ærefull rekord å ha.

Så ved ripsbuska er skribenten og tanta hennar hjartans einige om at ting har gått heilt av skaftet, når for eksempel mest ingen lenger bryr seg om at rips og solbær går til spille eller tek vare på det dei skaffar seg, medan influensarar i rosa nylonpels reklamerer for endå meir kinesisk produsert stæsj.

Heia Marit Nythun Utheim. I dette fråtsesamfunnet, som har vakse fram frå ein nøysam og fattig nasjon, gjer det inderleg godt å lesa ei slik sak.