Mange frå Valdres til Grüne Woche

Åpningssermoni i 2014.

Åpningssermoni i 2014. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Grüne Woche er verdas største mat- og reiselivsmesse og der skal fleire bedrifter frå Valdres vera med. Det er Stølsvidda AS tek med Fjellgris frå Valdres, Små Vesen med ølbryggjar Christian Belsheim, Beitostølen Resort, Kurv frå Valdres og Rakfisk frå Noraker.

DEL

Frå Oppland deltek to regionar på Grüne Woche i Berlin i januar 2018. Utveljinga av bedrifter har skjedd i samarbeid mellom Fylkesmannen i Oppland, Gudbrandsdalsmat, Oppland Fylkeskommune og Innovasjon Norge.

Mat- og drikkeprodusentar frå heile verda bruker Grüne Woche som ein sals- og marknadsføringsarena. I tillegg er messa ein viktig landbrukspolitisk møteplass. Der skal fleire bedrifter frå Valdres vera med. Det er Stølsvidda AS tek med Fjellgris frå Valdres, Små Vesen med ølbryggjar Christian Belsheim, Beitostølen Resort, Kurv frå Valdres og Rakfisk frå Noraker.

Alle deltakarane frå Oppland får ei unik moglegheit til å marknadsføre sine bedrifter internasjonalt. Dei utvalde bedriftene skal vere ein del av den norske standen og representerar Region Fjell og Noreg under messa.

Desse deltek frå Oppland:

  • Stølsvidda AS tek med Fjellgris frå Valdres
  • Små Vesen med ølbryggjar Christian Belsheim (Aurdal)
  • Beitostølen Resort (Øystre Slidre)
  • Billingen Seterpensjonat (Skjåk) Moe Gard (Øyer)
  • Jotunheim Fisk (Gausdal)
  • Ruten Fjellstue (Gausdal)
  • Nasjonalparkriket Reiseliv AS (Nord-Gudbrandsdal)
  • Opplæringskontoret Brimikjøken
  • Gudbrandsdalsmat SA

Mange andre produsentar i Oppland har fått med produkt som skal bli smaksprøver eller som blir å finne i restauranten på den norske standen. Dette er:

  • Pinnekjøtt frå Dovrelam
  • Elgpølse frå Bjorli Fjellmat
  • Viltkjøtt frå Breheimen Mat i Skjåk
  • Raudost frå Heidal Ysteri
  • Hafelløl frå Hubertus Bryggeri
  • Rømme frå Avdem Gardsysteri på Lesja
  • Økologiske grønnsaker frå Aukrust gard og urteri i Lom
  • Kurv frå Valdres
  • Rakfisk frå Noraker.

Det er Fjellnettverket som står som eigar av prosjektet, men det er Landbruks- og matdepartementet som står bak satsinga der mellom anna føremålet er å synleggjere gode mat- og reiselivsopplevingar frå matnasjonen Noreg. Grüne Woche er verdas største mat- og reiselivsmesse, skriver Fylkesmannen på sine nettsider.

Artikkeltags