Du skal ikkje sove bort sumarnatta

Dansegolvet fekk køyrd seg frå sein kveld til tidleg morgon under Grålysing i Kvam.

Dansegolvet fekk køyrd seg frå sein kveld til tidleg morgon under Grålysing i Kvam. Foto:

Av

“Grålysing berre må de få med dykk.”

DEL

Me kjem litt over klokka ni - fire unge lovande med sommarjobb i Vang. Dei uskrivne reglane er mange på bygda, og me anar ikkje kva me går til. Skal me pynte oss? Er det inne eller ute? Må me kunne danse? Me tek ein råsjans og pakkar både bluse og stillongs.

Geitekjea helsar velkomen på toppen av grusvegen i Gamle Kvam, og på jordet er det slått opp eit par telt. Bak låven kan ein låne ei hengekøye om det skulle røyne på. Nesten øvst på tunet har familien Kvam spikra nytt dansegolv for anledninga.

Inne på låven sitt dei tett, vangsgjeldingane, slidringar og andre valdrisar. Fremst, der framme på scenen me ikkje ser der me tittar inn låvedøra, sit Jan Beitohaugen Granli og spelar hardingfele.

Det me trudde var ein skriveleif; “felestiller” med to l-ar, viser seg å vere konseptet for heile kvelden. Heile natta og kvelden skal felene stemmast etter lyset. Lite visste me at det gjekk an å stemme ei fele på så mange måtar, i så mange stille. Tretten i talet, fargen på himmelen bestemmer om det læt frå ljøsblått, grønt, halvgrått eller grålysing.

Felekonsert med Jan Beitohaugen Granli og Magne Olav Sellandfyller låven.

Felekonsert med Jan Beitohaugen Granli og Magne Olav Sellandfyller låven. Foto:

Me forstår fort at kleskoden er “varme klede”. For sjølv om året er kome halvvegs held ikkje lufta mange grader. Heldigvis for oss ligg ein kollega sin tursekk i bilen, og me tjuvlånar både dunjakke og fleece. Og å bli bydd på Hansa-øl i Valdres varmar ein halvbergensar nok til at eg ei lita stund gløymer at ankelsokkar var eit dumt val.

På dansegolvet er det minst tre generasjonar, den eine like stø på valdresspringar som den andre. Det er skjorter og dansesko, tighte jeans og Converse, ullsokkar, dunjakker og arbeidsjakker - men alle kan dei same stega. Me får høyre at valdresspringaren er litt vrien om ein ikkje har vore borti den før, og for ei som likar seg best på swing med teljing til fire er det ikkje stort meir enn bytt-om-stega som sit.

Kva stille me har kome til veit eg ikkje, men når klokka bikkar tolv rekk det så vidt å skumre før lyset er på veg tilbake att. Det går rykte om at dei eldste har flytta seg inn i varmen med munnspelet, og skal eg bli verande ute må ullstillongsen eg håpa å spare til eg skulle leggje meg til dyst.

Mariann Bjørnelv og Julie Forchhammer er to av over hundre som tok turen laurdag kveld.

Mariann Bjørnelv og Julie Forchhammer er to av over hundre som tok turen laurdag kveld. Foto:

Grålysinga i Kvam innfrir forventningane og førestillingane eg hadde om Valdres. Snakk om ein nasjonalromantisk indrefilet! For med adresse på eit museum, utsikt til Jotunheim-fjell og folk som gjer hallingkast til levande felemusikk kan eg ikkje noko for å verte litt Valdres-frelst.

– Ein kan ikkje slå seg til ro med at det er slik berre fordi det er Valdres. Det er blitt slik fordi noko har stått på for å halde det i live, seier ein av motorane bak folkedansopplæringa.

Og det trur eg på. Før me kom frykta eg det berre ville vere pensjonistar på dansegolvet, for eg kjenner få på min eigen alder som kan noko anna enn nattklubb-hopping. Men her er ungdomen blant dei ivrigaste både på dansing og speling, og det eg las i Norsk Tidende om at ungdommen i Valdres mistar dialekta si og slår om til bymål stemmer iallfall ikkje for denne gjengen.

Utover natta læt det hallingtonar frå hardingfelene, og fleire sparkar så hua fyk av
stauren.

Utover natta læt det hallingtonar frå hardingfelene, og fleire sparkar så hua fyk av stauren. Foto:

Klokka viser ti over fire, og eg burde vere trøytt for lengst. Det er sjeldan eg er vaken så seint, eller tidleg om du vil, og dei som kjenner meg veit at soveposen verkar som ein magnet på meg etter midnatt.

Felene vert pakka vekk, men fram kjem toradaren. Halldor Grøndalen er berre femten, men spelar som om han ikkje skulle ha gjort anna. Eit par springarar vert det, før det går over til nærast ein ønskekonsert med både Despacito, Reodors vise og kjenningsmelodiane til både Pippi og Sabeltann.

I ein ring rundt omnen inne i lensmannsstova står det pinnestolar, nokon sit og halvsøv, andre tek eit stykke kringle som er til overs. Hardingfela går på omgang mellom ungdomane. Mellom hallingen til Erlend Andersen og springaren frå Halldor snik sola seg over åsen nedom Hugakøllen og inn vindauga i den gamle lensmannsstova.

Det handlar om å kunne danse til den musikken som vert spelt, seier ei av dei ivrigaste.

Det handlar om å kunne danse til den musikken som vert spelt, seier ei av dei ivrigaste. Foto:

Det er langt forbi grålysing, og i solveggen utanfor sit ein av kveldens yngste spelemenn og spelar Grieg, Morgonstemning sjølvsagt. Felene inne i våningshuset stilnar ikkje før Jørgen Kvam med nøklane må låse dørene så han rekk å gå i fjøsen.

Eg kryp inn i teltet og tenkjer at ein overdose nasjonalromantikk er ikkje det verste ein kan leggje seg med etter ei natt ute. Takk for dansen, Vang.

Grålysing i Kvam:

Konsert, dans og felemusikk frå sein kveld til tidleg morgon

Arrangert av Hilme året rundt og Gamle Kvam

Meir enn 100 gjestar

Arrangert for første gang 22. juli 2019

Artikkeltags