Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Skal det i større grad enn i dag bli lov å køyre snøskuter i utmark? Kvar skal det i så fall bli lov? Skuterkøyring – eller motorferdsel i utmark – er ei av dei større konfliktsakene i fleire distriktskommunar. Vang er ikkje noko unntak her, sjølv om kommunen – eller rettare sagt innbyggjarane – ser ut til å skilje seg frå resten av regionen når det gjeld engasjement for snøskuterkøyring.

"Det må opnast for køyring med beltekøyretøy på dagens vegnett vinterstid"
At engasjementet og påtrykket frå grasrota i Vang er større enn andre stader i Valdres, er ikkje så merkeleg. Skuterkøyring opptek folk, i openbert i langt større grad enn politisk og administrativ leiing i Vang var klare over. Det merkelegaste i saka er kor lang tid det har teke å jobbe med saka, og enno er ein ikkje ferdig. Det aller meste av Vang kommune er privateigd. Grunneigarretten og grunneigartanken står sterkt. Sameige-organiseringa i utmarka likeså.
Fleire stader i fjellområda i Valdres har det vorte bygd ut hytteområde i utmark og i stølsområde. Syndin og Vaset er døme på dette. Utbyggjingane har ført til vinteropne vegar til fjells, og nedbygd natur, til dømes, i form av skiløyper med breie trasear. Det er ikkje vanskeleg å skjøna at innbyggjarar i ein kommune som har vore meir restriktig med hyttebyggjing, stussar over kvifor ein ikkje kan køyre skuter på stølen.
Innbyggjarane i Vang har sagt si meining om snøscootersaka. Resultata fekk det til å koke over for Helge (29).
Saka som no er oppe til debatt i Vang handlar om kva slags retningsliner som skal vera gjeldande for tildeling av løyve til motorisert ferdsel i utmark. Det som er klart, er at dagens regelverk vil bli liberalisert. Og det skulle berre mangle. Særleg når det er mogleg å køyre bil til den same stølen på sumarstid. Hadde grunneigarane teke den økonomiske kostnaden ved å brøyte vinterstid, kunne ein stølsveg vore open heile året. Samstundes er det nok ein vesentleg skilnad på kva ein vangsgjelding meiner han har rett til når det gjeld skuterkøyring, og kva som er faktisk er mogleg i høve til regelverket.
Tysdag ettermiddag kom meldinga om at det blir eit folkemøte 22. november. Eitt av tema her blir nok også dei raude "forbodssonene" som kommunen har lagt inn i karta, som, slik dei er lagt nok, i praksis kan koma til å avgrense stort moglegheitene til å søkje om løyve.

DNT Valdres om snøscooter-arbeidet i Vang: – Vi skal ikke legge skjul på at vi har noe bekymring
Det er ingen lett jobb for politisk og administrativ leiing å skulle ivareta både nasjonale krav og krav frå grasrota når krava står i sterk motstrid til kvarandre. Det er ein vanskeleg posisjon å vera i, og ein vanskeleg balansegang. At det er krevjande er openbert.
Til og med i ein kommune med under 1600 innbyggjarar kan det bli for stor avstand mellom kommuneleiinga og innbyggjarar.