Gå til sidens hovedinnhold

Griug: Alle fastbuande har fått att straumen

Alle fastbuande har fått att straumen, melder nettselskapet Griug.

Etter stormen fredag førre veke har fleire husstandar vore straumlause. Torsdag morgon melder nettselskapet Griug (tidl. Valdres Energi Nett) at alle fastbuande no har fått att straumen. 32 hytter/fritidsbustader er framleis straumlause.

Administrerande direktør Bjørg Brestad melder om at selskapet har kontakt med alle på telefon/sms-varsling. Det er framleis store skader på linjer og materiell.

Griug held fram med full mannskapsstyrke. I tillegg til eigne tilsette er det innleigd personell. Ni personar registrerer observasjonar og svarar på spørsmål frå kundar i døgnvaktordning. Også leiargruppa i Valdres Energi har døgnvakt, opplyser selskapet.

Kommentarer til denne saken