Grunneigar reagerer: – Øystre Slidre kommune har starta graving før avtale om vegen er på plass

Øystre Slidre helsetun skal fyrast med biovarme, men før den sentralen kan byggjast skal ei avtale om veggrunn vera på plass. No er gravinga i gang, men grunneigar og nabo Ole Christian Torgersen reagerer krast på dette. – Vi kjenner oss kraftig overkøyrd av kommunen, seier Torgersen.