Vi har fått presentert utfordringar, utviklingstrekk og problemstillingar gjennom prosessen med regional planstrategi for det nye Innlandet og mange møter har vore gjennomført så langt. Akkurat som med utfordringar på klima og miljø, har vi utfordringar med den demografiske utviklinga, sentralisering og samling av makt og kapital. Samtidig har vi store naturressursar og menneskelege ressursar med eventyrlege moglegheiter. Vi ynskjer å ta ein leiande posisjon innan teknologi, industri, landbruk og reiseliv og vi legg FN sine 17 bærekraftmål til grunn for det vi gjer.

Og det er med samfunnet vårt som med eit hus; dersom grunnmuren sklir ut må vi reparere om ein ynskjer å behalde huset. Da må vi med dei regionale planane finne dei beste løysingane for å sikre grunnmuren og sikre heile fylket.

Vi vedtok i fylkestinget å jobbe vidare med tre regionale planar. Regional plan for klima, energi og miljø, for samfunnssikkerheit, beredskap og infrastruktur og for det inkluderande Innlandet. Vi treng å ta tak i og endre samfunnet vårt opp mot utfordringar innan klima, energi og miljø. Vi treng betre samfunnssikkerheit, ha ein betre beredskap og sikre infrastruktur, både fysisk og digitalt, som er viktig for alle. Dette for å skape eit inkluderande samfunn med plass til alle innan utdanning og arbeidsliv utifrå sine funksjonsnivå og evner for gjennom det løyse dei utfordringane vi har og byggje heile fylket. Ein evig sirkel som må henge saman.

Det er viktig å poengtere at berekraftig jord- og skogbruk er ein del av klimaløysinga. Jordvern skal sikre matproduksjon og som eit stort skogfylke må også skogproduksjonen sikrast og utviklast. Både bioøkonomi og sirkulær økonomi er eit viktig grunnlag for framtidig klimavennleg verdiskaping i det grøne karbonkretsløpet. Heile fylkestinget meiner at det grøne skiftet gjev kommunar og næringsliv moglegheit for nye arbeidsplassar. Norge og vi treng ny, grøn produksjonsindustri, både for å sikre lokal foredling av ressursar, for å sikre sjølvforsyning av mat og for å redusere klimagassutslepp.

Nøkkelen til å lykkast er tett og godt samarbeid med og mellom lokalmiljø, kommunar, regionar, næringsliv og organisasjonar. Det krev at vi er til stades, både politisk og administrativt og har forståing for at ting tek tid om ein ynskjer endring. Vi er politikarar frå heile dette store fylket og vi har alle eit ansvar for å inkludere og lytte inn mot dei prosessane som skal til for å vedta dei endelege regionale planane. Det vil krevje mykje av oss alle, både i fylkeskommunen og i kommunane.

Skal ein få eit motsvar på utfordringane, må ein sjå moglegheitene. Vi har jo vedteke at fylket har «Eventyrlege moglegheiter». Da må vi gjere som Espen Askeladd og gå ut og finne dei og ta dei med til Kongens bord og presentere dei som ei løysing.

Attende til huset vårt og grunnmuren. Om den sklir ut, er det kanskje ikkje nok å reparere berre grunnmuren, men kanskje forbetre grunnforholda også for at huset skal stå stødigare. Og om du ynskjer å endre sjølve huset, må du kanskje gjere om at på heile konstruksjonen. For SP er det ikkje noko motsetning mellom å løyse opp att konstruksjonen Innlandet og det å vedta Innlandsstrategien. Vi ynskjer å jobbe for heile fylket, både Hedmark og Oppland.

Vi er eit mangfaldig fylke på alle måtar med mykje bra å byggje vidare på. Trygve Bratteli vart så godt sitert av fylkesordføraren under fylkestinget;: Det er ikkje berre dei friske, sterke og best utdanna som skal ha arbeid. I tillegg kan vi også si å ha innflytelse. Det må spegle det vi gjer og da treng vi inkludering, ei skisse for det vi ynskjer, ein plan og sist, men ikkje minst, handling!

Hove Aud, Fylkesvaraordførar Innlandet fylke (Sp)