Gå til sidens hovedinnhold

Hande Gard vann fagjuryprisen og tok dermed andre napp i vandrarpokalen

Artikkelen er over 2 år gammel

Hande Gard vart kåra av fagjuryen til å ha den beste rakfisken under Rakfiskfestivalen denne gongen. Dermed tok Randi Berit og Knut Hande sitt andre napp i vandrarpokalen.

Fagernes: Det var som vanleg stor spaning til kven som kom til å vinne fagjuryen sin pris i år, ettersom Røn Gard og Lofoss Fisk båe to hadde to napp i pokalen. Med eit tredje napp ville dei få pokalen til odel og eige. Slik gjekk det ikkje.

Hande vann prisen

I år vann Hande Gard, med Trøsvik Gård på andreplass og Slidre Ørretsenter på tredjeplass. Juryen forklarte det slik:

– Her har vi veldig fint fileterte filetar, lukta av fisken er god og moden, på smak er fisken godt balansert og raksmaken er komplett. I munnen er fisken rein og har ein særs god tyggemotstand, sa juryleiar Guro Helgesdotter Rognså.

Så var det rakfiskgeneral Håvard Halvorsen som las opp vinnaren til slutt. Då vart det sjølvsagt jubel og klapping.

– Kjempemoro

– Dette var kjempemoro, sa Randi Berit Hande til avisa Valdres, og kunne glede seg over å ta sitt andre napp i vandrarpokalen.

– Eg har fått veldig gode tilbakemeldingar på fisken, og forsøker å halde ein jamn og god kvalitet, la Randi Berit til, før ho tok imot gratulasjonane.

Fagjuryen

Guro Helgesdotter Rognså (33) var leiar av fagjuryen i år. Ho leia juryen for fyrste gong i 2018. I år hadde ho med seg Jørn Utheim, Espen Blåfjelldal, Nils Torstein Hermundstad, Knut Erik Grindaker og Lars Erik Underthun i juryen.

Randi Berit Hande kunne ta imot pokalen for beste rakfisk under Rakfiskfestivalen denne gong, ifølge fagjuryen. - Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på fisken vår, seier Randi Berit Hande.

Les også

Rakfiskgull til minne om faren

Les også

Årets Rakfisk: Hande Gard vant fagjuryprise

Kommentarer til denne saken