Har du lyst til å bli dagleg leiar for Nasjonalt ressurssenter for fjellandbruk på Løken i Volbu?

Øystre Slidre kommune har lyst ut stillinga som prosjektleiar og dagleg leiar for Nasjonalt ressurssenter for fjellandbruk ved Løken gard i Volbu. Dei søkjer etter ein person med høg kompetanse innan landbruk, som ser potensialet i auka verdiskaping for næringslivet i fjellområda.