At det er stor mangel på fagfolk i helsesektoren, er ei kjend sak. Valdres er ikkje noko unntak. Men no går Aurdal institusjon nye vegar for å sikre god nok rekruttering til dei viktige helseyrka. For me blir stadig fleire eldre, og treng stadig fleire «varme hender» i helsesektoren.

Tala frå Nav for april syner at arbeidsløysa i Valdres framleis er låg. Her i dalen er det fåe som er heilt ledige, og talet prosentdelen heilt ledige (av arbeidsstokken) er litt lågare enn i Innlandet elles. I kommunane Etnedal, Nord-Aurdal og Vang er andelen heilt ledige mellom 1,2 og 1, 7 prosent. For kommunane Øystre Slidre, Vestre Slidre og Sør-Aurdal er andelen heilt ledige under 1,2 prosent.

Bedriftene og offentleg sektor treng arbeidskraft. I ei stor bedriftsundersøking frå Nav, som vart presentert denne veka, og der over 1100 bedrifter i Innlandet har svara, kjem det fram at så mykje som ei av fire bedrifter slit med å rekruttere medarbeidarar som har den rette kompetansen.

Av desse er det ein stor del av bedriftene som heller vel å ikkje tilsetje nokon, eller som tilset nokon med lågare kompetanse enn ynskt. Det vitnar om at det er stor konkurranse om arbeidskrafta. Lågare arbeidsinnvandring og gjenopning etter pandemien, med permitteringar og oppseiingar i utsette sektorar, er årsaker Nav tidlegare har peikt på.

Men det er lyspunkt. Rette tiltak kan gjera at kommunar og bedrifter både klarar å rekruttere og halde på medarbeidarar. Ifylgje undersøkinga frå Nav er helsesektoren ein av sektorane som slit aller mest.

Ved Aurdal Institusjon får nye medarbeidarar utan fagutdanning lov å prøve seg, og gjerne kombinere arbeid med utdanning til fagbrev. Avdelingsleiar Anne Lise Holene Solberg peiker på at det er mogleg å byrje å jobbe innanfor helsesektoren sjølv om ein ikkje har fagutdanning eller godkjend fagutdanning frå utlandet på plass. «Har du empati og hjertevarme kommer du ganske langt. Så er det mulig å videreutdanne seg mens man jobber», seier ho. Det gjer at fleire kan få moglegheit både til å arbeide, men også til å prøve seg i ein sektor som sårt treng arbeidskraft.

Det er generell mangel både på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar til helsesektoren i Noreg, og for Innlandet er helsearbeidarar, sjukepleiarar og gruppa «andre helseyrke» dei tre yrka der mangelen er størst. Då trengst det å gå nye vegar for å rekruttere arbeidstakarar, som Nord-Aurdal kommune no prøver på.