Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
Ei dobling av Jotunheimen nasjonalpark var Miljødirektoratet sitt føretrekte alternativ for det utvida vernet av Jotunheimen nasjonalpark. No har dei seks berørte kommunane i Valdres og Gudbrandsdalen sagt sitt, og fem har sagt nei. Berre Vågå har bestemt seg for å gå vidare med vern.

Fem av seks sa nei til å utvide: – All honnør
Saka om utviding av nasjonalparken er eit tradisjonelt spørsmål om vern kontra bruk. Og, som i tilsvarande saker om vern, er det eit større ynske nasjonalt enn lokalt for å verne. På den eine sida er staten, som ynskjer å verne område med store naturverdiar mot eventuelle framtidige generasjonars moglege uvettige bruk. På den andre sida står grunneigarar, beitebrukarar og kommunar, som helst vil rå over eigen grunn sjølve, og som meiner dei er best i stand til å framleis å skjøtte forvaltning av natur- og kulturlandskap.

Politikarane gjekk imot kommunedirektør og rådmann – grunna med manglande lokal aksept
I denne verneprosessen vart det lagt til grunn at kommunane kan seia nei til vern. Men det blir for enkelt å seia at det er lokalpolitikarar og grunneigarane sin «feil» om ikkje Jotunheimen nasjonalpark blir utvida. I prosessen fram til no kjem det fram temmeleg krass kritikk frå lokalt hald. Kva konfliktar som oppstår ved eit vern, bør vera godt kjend frå tidlegare vernesaker. Mykje ser framleis ut til å vera uavklart når det gjeld kva slags konsekvensar eit framtidig vern får, til dømes for landbruket.
Skal ein starte ein verneprosess der ein håpar på lokal tilslutning, må Statsforvaltaren og Miljødirektoratet leggje til grunn eit betre vernearbeid. Ein må også sjå på korleis ein har fylgd opp og praktiserer område som alt er verna. Kommunestyret i Øystre Slidre skriv i sitt vedtak at: «Med erfaringane etter vern av Langsua Nasjonalpark, har vi ikkje tiltru til at fleksibiliteten og bruken av området for bruksberettiga og lokalt næringsliv vil kunne halde fram..». Det er ei alvorleg tilbakemelding.

Verne eller ikke verne? Nå har statsforvalteren kommet med sitt forslag
Paradokset er om ei utviding av nasjonalparken kan føre til meir trafikk av folk, men ikkje fe. Jotunheimen nasjonalpark har allereie fleire, større DNT-hytter innanfor sine grenser. Det har kome fram i prosessen at Statsforvaltaren i Innlandet, som har fått i oppgåve å handtere saka på vegner av Miljødirektoratet, legg til grunn at det blir meir ferdsel i ein utvida nasjonalpark. Vern kan faktisk gjera til at området kan bli meir attraktivt å besøke.
I det store og heile er spørsmålet om vern eit spørsmål om tillit og mistillit. Har staten tillit til at dei som har forvalta områda i hundrevis av år, framleis vil gjera det til naturens beste i framtidige generasjonar? Når seniorrådgjevar Harald Klæbo ved Statsforvaltaren seier til GD at dei tek med seg at iallefall ein kommune er «framoverlente», kan mykje tyde på at staten ikkje tek på alvor dei innvendingane og innspela som har kome frå lokalt hald.
