Gå til sidens hovedinnhold

Har vore gjennom ein stri tørn – no kjem kommunen med gode nyheiter

19 vestreslidringar fekk påvist koronaviruset i april. No ser smittekurva heldigvis ut til å ha flata ut.

VESTRE SLIDRE: – Det har vore ei krevjande tid, erkjente ordførar Haldor Ødegård (Sp) då kommunestyret i Vestre Slidre vart oppdatert på koronasituasjonen førre torsdag.

– Heldigvis byrjar det å lysne, og det ser ut som me har fått slege smitta tilbake att. Helsevesenet i kommunen har hatt ein stri tørn, men no ser det litt lysare ut, og me håper det held seg der, held han fram.

Les også

– Det er en krevende situasjon for oss. Mange begynner å bli slitne nå

Løyser opp i tiltaka

Det siste smittetilfellet i Vestre Slidre vart påvist tysdag 27. april, og fredag 7. mai kunne kommunen dele ei positiv melding.

– Gode nyheiter, vi har ikkje fått fleire smitta i kommunen denne veka, skriv Vestre Slidre kommune i ei statusoppdatering på heimesida si.

Heile skulen og kulturskulen går difor over på gult nivå frå måndag 10. mai, held kommunen fram.

Råd og anbefalingar

Kommunen oppfordrar framleis alle til å følgje følgjande råd og anbefalingar:

Råd og anbefalingar i Vestre Slidre frå 3. mai

For å hindre ytterlegare spreiing av smitte, oppfordrar Vestre Slidre kommune at alle følgjer desse anbefalingane dei neste to vekene:

  • Bli heime dersom du får milde teikn på sjukdom.
  • Treff færrast mogleg og avgrens sosial kontakt.
  • Maks to gjester på besøk.
  • Hald avstand til andre enn din eigen husstand.
  • Utsett eller avlys sosiale samlingar og arrangement for vaksne og barn.
  • Samling av folk på tvers av kommunar er ikkje tilrådeleg. Det same gjeld organisert fritidsaktivitet på tvers av kommunegrensene.
  • Bruk munnbind på butikkar og kjøpesenter, i taxi og på offentleg kommunikasjon, og dessutan ved legebesøk og besøk hos eldre og sårbare.
  • Innandørs arrangement anbefalast ikkje.

Dersom ein er ute anbefaler kommunen at:

  • Ein held to meter avstand til andre.
  • Er med sin eigen kohort.

Les også

Tok opp smittesituasjonen i Vestre Slidre: – Me har verkeleg fått testa oss

Les også

Slik er smittesituasjonen i Valdres no

Les også

– Har eit stort håp om at å gjere dei grepa skal hindre smitteauke

Kommentarer til denne saken