Gå til sidens hovedinnhold

Hasna (38) kom åleine til bygda med fire born – utan førarkort: Med hjelp frå venninnene har ho no full kontroll på glattisen

Hasna (38) har teke førarkort for fyrste gong, i snøføyk og 27 minusgrader. Ho passerte milepælen 21. januar 2021. Med stor takk til venninnene Maren og Inger Johanne.

VESTRE SLIDRE: No slepp Hasna å haste opp bakkane i Slidre før skulen for å levere minstemann i barnehagen, som heng etter som eit slips i vind, der ho småjoggar i bobledress i den tjukke snøen og det kalde vêret. Dette er noko anna enn Aleppo.

Frå Aleppo til Vestre Slidre

Hasna Keyyari kom åleine til Vestre Slidre med fire barn i november 2017, frå ein storby i Syria med tette band til slekta. Mannen vart sendt til Tyskland.

Overgangen til Vestre Slidre var enorm. Ho elska heimstaden sin, men kunne ikkje lenger bu i byen som har vorte totalt øydelagt av den 10-år lange krigen som har herja landet. Hasna vart etter kvart overtydd på at det var hit ho ville. Dei mange tårene som vart felt i starten har vorte erstatta av eit stadig breiare smil.

– No elskar eg Noreg og Vestre Slidre, seier ho.

– Alt saman!

Frå omtanke til venskap

Å få førarkort har lenge vore eit mål for Hasna og familien. For å nå dette, har Maren Nesja og Inger Johanne Fjøsne vore uvurderlege.

At overgangen frå Syria til Noreg var stor, kunne Maren og Inger Johanne forstå.

– Tenk om eg hadde flytta som åleinemamma til ein landsby langt oppe i fjella i Syria, utan kollektivtilbod, seier Maren.

– Då hadde eg sat veldig stor pris på om nokon ville hjelpe meg.

Inger Johanne har hatt eit nært forhold til Hasna sidan ho kom til Noreg, og begynte å jobbe saman med henne i frisørsalongen i Slidre sentrum. Ho har sjølv budd i Indonesia, og forstår viktigheita av å ta vare på folk som kjem utanfrå. Inger Johanne lærar Hasna norsk, og nøler ikkje med å rette på henne når ho seier feil.

– Det er viktig at ho lærar språket skikkeleg. Eg er litt streng, eg, smiler ho.

– Hasna bringar verda litt nærare oss, seier Maren.

– Syrisk muhammara, baba ganoush, hummus og tabbouleh, freistar meir enn fiskebollar i kvit saus på sure, kalde dagar. Hasna krydrar opp ein elles tidvis bleik norsk kvardag, ler dei.

Kontakten som begynte som omtanke har grodd til gode venskap med mykje latter.

Kjøpte bil og bad om hjelp

– Eg likar ikkje å gå – og taxi er så dyrt!, seier Hasna.

Etter å ha tråkka opp og ned frå busshaldeplassen til barnehagen i alt slags vær i tre år, fekk Hasna endeleg bil. Kjøpt og henta på Hønefoss saman med Maren. Ho spurde sjølv Inger Johanne og Maren om dei kunne tenkje seg å lære henne å køyre.

Med klampen i botn på passasjersida har både Maren og Inger Johanne haldt pusten til tider. Men frykta har fort gått over i latter. Då Hasna stoppa for kvar lastebil som kom dei i møte, eller køyrde i grøfta for å unngå bussen, klarte dei ikkje anna enn å le.

– Men det hadde ikkje kome på tale å la deg prøvekøyre i min bil!, seier Inger Johanne. Det kan jo vere farleg!

– Det tenkte eg ikkje over, ler Maren.

Gjennom ei lang periode med strenge smitteverntiltak har Inger Johanne, Maren og Hasna funne gode løysingar for at Hasna skulle nå målet sitt. Saman har dei øvelseskøyrd kring heile Innlandet, sett seg om, lært norsk – og hatt det veldig moro. No feirar dei med ein spesiell «fløyte-lyd», slik dei gjer i Syria.

Ei framtid i Vestre Slidre

Hasna sine fire born, to gutar og to jenter, går i barnehagen og på skulen. Dei har fått gode vener, og Sham (5) elskar turn. Lenge ønskte Hasna, som mange andre flyktningar som kjem til distrikta i Noreg, at dei kunne flytte til Oslo – ein stad med fleire folk, meir liv, større mangfald; ein stad meir lik heime – men no vil ho vere her.

Ungane mellom 5 og 17 år trivst, og har fått vener som dei vil kunne følgje heile livet.

Maren har begynt å øvelseskøyre med Soraya, eldste dottera til Hasna. Hasna går på norskkurs på Leira, og vurderer kva ho vil studere etterpå.

– Kanskje noko knytt til farmasi, seier ho.

– Det verkar spanande.

Full jubel i familien

Ein stor gjeng har heia på Hasna, og alle venta spente den 21. januar.

Bortsett frå Hamid, mannen hennar. Han bur i Tyskland medan han ventar på opphaldsløyve i Noreg, og besøker Hasna og barna så ofte han kan.

Hasna torde ikkje fortelje den støttande ektemannen at ho skulle køyre opp, i frykt for å stryke. Då ho bestod, sende ho i staden ein film kor ho dansar utanfor bilen.

– Eg var så glad og letta!, ler ho.

– No kan eg gå på sumaren – det har eg lært å like – men køyre når det er så kaldt som no.

Kommentarer til denne saken