Om pengar og vit

Skoldepelarar: Kim Sørensen , Per Kjærstad, Gard B. Eidsvold og Cato Skimten Storengen

Skoldepelarar: Kim Sørensen , Per Kjærstad, Gard B. Eidsvold og Cato Skimten Storengen Foto:

Av

Det er jappetida som er bakteppe for del åtte i Statsteatrets omskriving av noregshistoria 1066–2066 – ei tid sterkt prega av individualistiske og grådige menneske.

DEL

(Hedalen.no): Laurdag gjesta teatret Nordre Hedalen Forsamlingshus. Bygdas eigen Cato Skimten Storengen, som er éin av dei fire skodespelarane, kunne gle seg over at rundt 260 teaterinteresserte hadde funne vegen til "Lokalet" denne regntunge kvelden.

Arva

I det halvannantime lange stykket møter vi familien Kielland. Agnes (Per Kjerstad) er pensjonert lærar. Ho har tre vaksne søner. Einar (Gard B. Eidsvold) er eldst. Han bur på institusjon og arbeider i ei verna bedrift. Wilhelm (Kim Sørensen) har arbeidet sitt i Kreditkassen, og yngstemann, Alexander (Cato Skimten Storengen), er eigedomsmeklar. I starten av stykket får vi høyre at tante Brynhild er død, og når testamentet ho har skrive, vert kjent, får vi vite at ho etterlèt seg ein arv på tre millionar kroner. Arven vert delt, og jappetida er i gang. Det er ikkje måte på kva tru to "bortkomne" søner har på korleis pengar kan vekse og kva dei kan utrette. Eldstebroren er i røynda den som har halde fast på vitet, og det er mora og han som peiker på kva verdiar det har å møtast som familie. For dei to yngste brørne er nok pengar det meste av det dei har. HVPU-reforma vert òg omtala i stykket. For Einar var det ikkje lett å vite kor han ville bu. Replikken om tvangsflytting av brukarar frå Oslo til Sarpsborg og Bagn, fekk mange til å le godt. 

Foto:

Latter og ettertanke

Vendepunktet kjem heilt i slutten av historia. Pengane er borte. Det er to av familien Kielland også. Att sit Einar og Alexander, og yngstebroren rekkjer eldstebroren handa. Ligg det eit håp i dette?

1980 – Aker Brygge fekk oss til å le, men stykket vekte også såre kjensler og ettertanke. Skodespelarprestasjonane var solide, og stykket tek det fleire av oss hugsar frå jappetida, ein særs spesiell del av noregshistoria, på kornet.

For pengar kann ein få alt, heiter det. - Nei, ein kann ikkje det (Arne Garborg)

Foto:

Artikkeltags