Betre veg i vente

Vegen som er att, er smal, men trafikkavviklinga har gått greitt, 
opplyser Jon Kvikstadhagen

Vegen som er att, er smal, men trafikkavviklinga har gått greitt, opplyser Jon Kvikstadhagen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Arbeidet på Jevnlismyra har god framdrift. Snart har ein bytta ut masse på ein strekning på rundt 500 meter.

Arbeidet vart meir omfattande enn ein hadde rektna med. Under asfalten har ein funne både stor stein og røter, og myr er det, som kjent, når ein kjem langt nok ned. På enkelte parti har ein grave ein meter ned, og i botnen har ein skrådd grunnen slik at vatnet skal renne vekk. Duk er på plass, og oppå der kjem det lass på lass med kult.

Snart vert maskinene flytta nokre hundre meter mot Hedalen. Tre punkt ned mot Nerby står att. I tillegg skal ein byte ut to stikkrenner og lage ei ny. Planen er å leggje på eit tynt asfaltlag før vinteren kjem. Truleg vil arbeida halde fram ein månads tid enno.

 

Se den opprinnelige saken på hedalen.no HER

Artikkeltags