Heggebø Friluftsbarnehage vil utvide, medan Tingvang barnehage blir lagt ned. Kvar kjem den nye barnehagen?

I 2015 fekk private Heggebø Friluftsbarnehage utvide med 12 nye plassar til totalt 36 plassar. No ynskjer dei seks plassar til og kjem dermed opp i 42. Samstundes går klokka fort mot ei nedlegging av offentlege Tingvang barnehage. Ein ny barnehage midt i kommunen er foreslege anten i Bjødnavegen eller Robølsvegen/Heranglie.