Heggenes og Tingvang i framtida: – Vi er glade for at vi blir involvert i dette arbeidet, for det er jo vi som skal styre i framtida, seier Ragne Aasan i ungdomsrådet

Norconsult har på vegner av Øystre Slidre kommune fått i oppdrag å lage ei moglegheitsstudie for Heggenes og Tingvang. Onsdag og torsdag var innbyggjarar, politikarar, ungdomsrådet og kommuneleiinga samla på Øystre Slidre ungdomsskule til idémyldring.