FAGERNES: Det syner dei ferske opplagstala for fyrste halvår i år, som Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for lokalaviser (LLA) nyleg la fram.

Dramatisk start

– At det nok eit halvår er opplagsvekst for avisa Valdres, er berre heilt utruleg. Særleg med den starten på året som me fekk, med dataåtaket, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar Hilde Lysengen Havro i Valdres Media AS.

– Det gjorde at me ikkje selde eit einaste abonnement på mange veker. Likevel har me nesten to prosent vekst frå fyrste halvår i fjor til fyrste halvår i år, legg ho til.

Nedgang i papiropplag

Den ansvarlege redaktøren peikar på at det er svært gledeleg å sjå at det dei siste åra har vore ein jamn oppgang.

Papiropplaget er rett nok som venta på tur ned, og det meiner redaktøren er ei utvikling som vil halde fram.

I likskap med avisa Valdres, har både Gudbrandsdølen Dagningen (GD) og Oppland Arbeiderblad (OA) om lag ti prosent nedgang i totalt papiropplag.

Stadig fleire heildigitale

Digitalopplaget derimot er det som drar tala i riktig retning og aukar med drygt to prosent.

Ein ser også at andelen heildigitale lesarar er på full fart oppover.

Den er tjue prosent høgare no enn fyrste halvår i fjor, nær ved det doble av den auka ein ser hos GD og OA på dette området.

Håpar folk vil halde på avisa

Trass grøne tal, veit Lysengen Havro at tida framover for mange vil bli tyngre økonomisk.

– At folk er uroa for korleis økonomien skal gå i hop, med prisveksten i samfunnet og renteauke, er veldig forståeleg. Me håpar likevel at me held fram med å laga ei så god og relevant avis for lesarane, at dei berre må halde på lokalavisa.