Helge stolar på at folk er ærlege. Til no har kjøparar plukka med seg 150 sekkar med ved og vipsa pengar

Helge Gudheim (63) er original i vedsalet. Etter prinsippet «Ærlighetens marked», som fengselet på Slidreøya har gjennomført med stor suksess, så gjer Gudheim det same. Attmed E16, ved innkøyringa til Kalplassen, har han parkert vedhengaren sin. Her er det sjølvbetening.