Debattinnlegg Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
At helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) og regjeringa vil fjerne pasientrettigheita fritt behandlingsval, har vi dessverre lenge visst. Men at ho jublar over at det skjer same dag som ventetidstala frå Helsedirektoratet syner at ventetidene går opp uansett kva ein treng behandling for, er eit nitrist paradoks.

– Tror vi kommer styrka ut av det her
Fritt behandlingsval gir pasientar rett til å velje mellom offentlege sjukehus, og private og ideelle som har offentleg godkjenning, utan at pasientane skal betale noko meir for det. Ledig kapasitet på private sjukehus og klinikkar blir brukt for å sørge for rask og riktig behandling for den enkelte pasient, og staten tar rekninga.
Sidan Solberg-regjeringa innførte ordninga i 2015 har stadig fleire pasientar nytta seg av den kvart einaste år, no totalt ca. 80.000 pasientar. Det er kanskje ikkje så mange samanlikna med kor mange pasientar som blir behandla i Noreg, men det er framleis 80.000 menneske som har fått kortare ventetid, raskare behandling og som har kunne få velje behandlingsstad sjølv – og dette utan at det har kosta dei ei krone meir.
Høgre meiner det er drygt at helseministeren påstår at det er dei med god råd som har brukt fritt behandlingsval og at fritt behandlingsval ikkje har verka. Fritt behandlingsval er ikkje for folk med god råd. Det er for vanlege folk, for å bruke Arbeidarpartiet sitt eige uttrykk. Vanlege folk som treng behandling. Då Høgre innførte større valfridom for pasientar gjennom fritt behandlingsval starta vi med menneske som slit med rusavhengigheit og psykisk sjukdom. Deretter utvida vi det til å gjelde ei rekke somatiske (kroppslege) behandlingar òg.

Regjeringen avvikler fritt behandlingsvalg
Fritt behandlingsval handlar først og fremst om menneske, og kor vidt pasientane skal ha makt i møte med systemet, eller om denne makta skal vere hos helseføretaka. Det handlar om å gje menneske valfridom og moglegheit til å velje seg det behandlingstilbodet som passar best for seg, sin situasjon og sin helse.
Når regjeringa om kort tid fjernar denne viktige pasientrettigheita, har vi ingen forsikring frå helseministeren om at det blir bygd opp kapasitet til å ta unna same helsehjelp i det offentlege. På kort sikt er det difor stor risiko for at pasientar må vente lenger på heilt naudsynt helsehjelp og at behandlingsstadar som har levert tenester pasientane ønskjer seg, må leggje ned.
På lang sikt gjer regjeringa valmoglegheita om til eit spørsmål om størrelsen på lommeboka til kvar enkelt pasient. Det er realiteten av Arbeidarpartiet sin politikk, og det er ei todeling av helsetenesta som Høgre ikkje kan akseptere.