Gå til sidens hovedinnhold

Helsing til Vang, Vangsmjøsa og fjella rundt!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Ei helsing til heimbygdi mi

Det vil eg gi, medan eg endå har tid

Tanken er klar og pennen er skarp

Vangsmjøsa ligg der

I dag er du blank!

Grindad`n møter deg

Der dalen blir vid

Majestet`n favnar om skog og om li

1724 meter du ragar opp

Medan Veslenibb er den høgste topp

Bergsfjell med 1577 mot vesta-- eller nordavind

Lett holder stand

Men armane vert ikkje lange og høge nok

Mot Skakedalsfallvind og

Når Vangsmjøsa går i rokk

Bergsfjell, ein løyndom

Du bær på din rygg

Tenk oksehavn på toppen

Den virkar å væra dryg

Så hendte det dei sjølve

Nedturen ville ta

Og kven kan så stoppe

Ein ku-galen stut da

Ned gjøno ur og bratte rygg

Korkje gjerde eller le for stuten var trygg!

Skudshorn i nord

Med sine sekstenhundre og tretti

Regnes for fjellet

Det er smell og krut i

Frå gamalt ein vulkan

Sa dei eldre med age

Kanskje tilslutt både pest og plage!

Så har vi Vennisfjell

Absolutt den høgste

Med 1776, ragar du over dei fleste

På toppen er du brei og flat

Og der ligger nuten

Beskjeden på plass

Bak

Sanddalen beskjeden og inneklemt

Mellom desse to fjell

Men ein Oase for krøtter og folk

Blir du lell

Vennisad`n veit å setja pris på dette

Og holder i hevd

Det som forfedrane skaffa til rette.

Slettefjell, 1315 bær sitt namn med rette

Med lyngkledde lier og bjørkeskog

Til heildekt snøteppe i påskesol.

Hugakollen, 1132 ligg i sør som ein kolle

Men strategisk plassert

Og eitt fotlett tilkomme

I nyare tid er du linken for de

Som fyller sitt hovud

Med mykji TV-tid.

Vangsmjøsa bidrar i storm og i stille

Men verst når frå Nordkjeldo til Skeie

Skumtopper over vassflata fær fort og ville

Så roar du deg-soli får skine

Fjella i vassflata speglar seg fine

Då er det vakkert

Me vil ikkji gløyme

Her vart me født-gjekk på skule hjå`n Boye

Slik endar mitt dikt

Med eitt tårevått auge.

Kommentarer til denne saken