Heranglie bustadfelt: – Kommunen vil sjølv stå for tomtesalet, men det er sjølvsagt fritt opp til både private og utbyggjarar å kjøpe tomter, seier rådmannen

Øystre Slidre kommune har gjennomført kjøpet av grunn i Heggenes av Opplysningsvesenets fond for 5,8 millionar kroner. Dette skjedde i desember for budsjettåret 2020. No nærmar det seg sal av tomter, for det er rom for heile 29 einebustadtomter og 59 leilegheiter på 90–120 kvadratmeter.