Dans, musikk og feiring for dei frivillige under årets Natt på museet

DANS: Danseglade gjester svingte seg til musikken under fjorårets Natt på museet.

DANS: Danseglade gjester svingte seg til musikken under fjorårets Natt på museet. Foto:

Hausten er her og Hilme året rundt inviterer til kos og hygge i form av Natt på museet. Dei varmar opp stovene på museet som set deg i den rette stemninga.

DEL

FAGERNES: Fredag 20. september blir det konsertar og dans på Valdres Folkemuseum. I år kjem meisterspelemannen frå Telemark, Ottar Kåsa, vinnar av Kongepokalen og fleire Landskappleikar. I tillegg er Ottar ein av våre fremste felemakarar.

– Å «finne seg sjølv» i slåttespelet kan vera vanskeleg og kronglete, men her ligg for meg mykje av meininga i det å vere spelemann, seier Ottar Kåsa.

– Gjennom å høyre ulike spelemenn vil det som skaper gjenklang i ein sjølv koma fram att i eiga fele, og etterlikning vil etter kvart kunne bli til personleg særpreg. Dette har for meg vore både vegen og målet; å finne ”mitt eige” spel, og den vegen går alltid vidare, seier Ottar.

Oddrun og Gunvor Hegge spelar langeleik i tradisjon i hovudsak etter bestemor si, Guri. Dei byrja båe å spela i ung alder, og lærte direkte av bestemor Guri. Oddrun og Gunvor er viktige tradisjonsbærarar av den unike langeleiktradisjonen i Valdres.

Konsert og dans

Etter konsertane byr Gjevriskaradn opp til dans på Slidrehuset. Kjell og Sverre vaks opp i Liagardane i Vang, omgjevne av hardingfele- og toradermusikk. Båe er mykje brukte spelemenn og kurshaldarar. Inge er busett på Lillehammer og spelar mellom anna i Jutullaget. No måler han krefter med onklane sine, og ein kan vente seg heftig dansemusikk og godt samspel.

Natt på museet er også ei feiring av dei frivillige på Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko. Alle som var frivillige på sommarens arrangement har gratis inngang, som ein liten takk for ein svært viktig innsats.

– Å lage festival er eit puslespel med mange brikker, og alt frå lappesteikarar til sceneriggarar og parkeringsvakter er like viktige! Vi håpar Natt på museet kan gje ei lita kjensle av å få at dei timane ein sto vakt, når ein eigentleg ville svinge seg på dansegolvet. Valdres Folkemusikkarrangement ynskjer alle hjerteleg velkomen, fortel Frank Rolland, kurs og arrangementsansvarleg ved Valdres folkemusikkarrangement AS.

Artikkeltags