Valdres fylt av Hilme

Festivalliv: Festivalsjef Ellen Persvold inviterer til konsertar, kurs og dans ei veke til endes på Hilmestemnet.

Festivalliv: Festivalsjef Ellen Persvold inviterer til konsertar, kurs og dans ei veke til endes på Hilmestemnet.

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er duka for årets Hilmestemne. Drop in-kurs i langeleik og mystisk huldremusikk er berre litt av det du kan få med deg.

DEL

FAGERNES: – No er vi i gang. Definitivt, slår festivalsjef for Hilme-stemnet, Ellen Persvold fast.

Hilmestemnet opna i Vang søndag, med vandring på Kongevegen og konsert i St. Thomaskyrkja. Her var de godt med oppmøte, fortel Persold, som håpar interessa for stemnet vil halde fram.

Godvêr på Jaslangen

I dag, tysdag, er det solefallskonsert på Jaslangen. Yr.no har meldt om godvêr i lang tid, og vil vonleg ikkje ombestemme seg. Odd Nordstoga spelar uansett, og måndag føremiddag var 1760 billettar selde. Fem fulle bussar går frå Fagernes, to nesten fulle frå Slidre. Parkeringskapasiteten er også utvida frå ifrå i fjor, lovar festivalleiinga.

Kopling til klassisk

Persvold slår også eit slag for dei mindre konsertopplevingane undervegs i stemnet.

– Det er så lett at ein pratar om dei store konsertane, men det er så mykje fint innimellom også, minner ho om, og nemner mellom anna «Eivind Groven med følgje», ein konsert i Aurdal kyrkje onsdag, der folkemusikk og klassisk musikk møtest.

Festkonsert fredag

Fredag er det festkonsert med Sudan Dudan i kulturhuset på Fagernes.

Persvold er fasinert over at Marit Karlberg og Anders Røine greier å vera så aktuelle, samstundes som dei baserer seg på folketonar.

Anne Marte Før skal også bidra med bilete undervegs.

– Eg trur det vil bli eit sterkt og fint møte, seier Persvold, og minner om at Torleiv Bolstad sitt minnestipend også skal delast ut under denne konserten.

Lågterskel langeleik

Hilmestemnet byr denne gongen på drop-in kurs i langeleikspel. Det finst svært mange langeleikar i Valdres, og Persvold mistenkjer at mange av desse mest samlar støv. Kurset skal vera eit lågterskel tilbod til dei som vil lære seg å spela litt på den langeleiken dei har liggjande.

Surrealistisk sommarkveld

Laurdag kveld blir det midnattskonsert på Valdres folkemuseum. Tittelen er det noko kryptiske «Reolô». Dette skal vera namnet på ei hulder og Persvold forklarar at konserten dreiar seg om dei underjordiske og det surrealistiske.

Det er Anders Erik Røine, Hans Hulbækmo, Rasmus Kjorstad og Hans P. Kjorstad som har laga bestillingsverket for Hilme.

– Den gjengen der har enorm djubdekunnskap om norsk folkemusikk. Og dei er rett og slett kjempeflinke til å trekke det gamle materialet over i nye uttrykk, meiner Ellen Persvold.

Artikkeltags