Gå til sidens hovedinnhold

Hilmisberget make-over: Plassen har vore eit turmål for mange Ulnesbygdingar, men no er plassen og stigen opp dit nesten attgrodd

Artikkelen er over 1 år gammel

Øvst i Ulnes ligg Hilmisberget, her sjølvaste Jørn Hilme budde. Hovudnemnda i Jørn Hilme-stemnet inviterer til dugnad fyrstkomande onsdag.

ULNES: Ulnes og Svenes historielag gjorde på tidleg 90-tal ein stor innsats med rydding, skilting, minnestein, informasjonstavle og sitjebenkar. Plassen har vore eit turmål for mange Ulnesbygdingar, men no er plassen og stigen opp dit nesten attgrodd.

I høve 60-års jubileet til Jørn Hilme-stemnet sto ein dugnad høgt på ynskjelista til hovudnemnda, og no er datoen sett til onsdag 3. juni frå kl 17.00.

Tre nye sitjebenkar, og ikke veldig mye jobb att

Dugnadsansvarleg Alice Gudheim kan fortelja at Valdres Skigard allereie har fått opp tre nye sitjebenkar, og at det ikkje er så mykje som skal til før Hilmisberget blir eit flott turmål att.

– Skiltinga nede ved vegen har falle saman og vil bli fornya. Den gamle trådgarden ligg i vasar og vil også bli delvis fjerna. Så må vi få vekk tre som har falle over stigen og vidare rydde og opne opp att plassen. Informasjonstavla skal få eit nytt strøk beis og fornya informasjon, fortel ho.

Hilmisberget ligg på austsida av bygda, vel halvannan kilometer frå Ulnes kyrkje opp mot Fodnes. Opp frå tuftene på den vesle plassen har det vakse ei gran som har delt seg og ser ut som ei harpe, eller kanskje kroppen på ei fele. Utsikta er flott og turen tek berre eit par minutt frå vegen.

Gudheim håpar at både bygdafolk og Hilme-entusiastar tek turen onsdag ettermiddag.

– Ta med krattsoks, motorsag, ryddesag, hanskar og kaffitermos. Eg skal syte for kringle til alle som møter opp. Og så kan vi håpe det kjem ein spelemann med fele!

Kommentarer til denne saken