Syner film frå kongebesøket på Valdres Folkemuseum på 60-talet

Museumsstyrar Eiliv Odde Hauge og Kong Olav

Museumsstyrar Eiliv Odde Hauge og Kong Olav Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

1. februar får ein gjensyn med kongebesøket på Valdres Folkemuseum for snart 60 år sidan.

DEL

Fagernes: Alf Sagbråten viser filmen han tok under kongebesøket på Valdres Folkemuseum tidleg på 1960-talet. Sjølv er han beskjeden over materialet han sit på.

– Det er ikkje så mykje å fortelje om eigentleg. Eg pleidde å filme litt for NRK. På den tida var det svart/kvit-TV sjølvsagt. Men eg pleidde å filme litt for meg sjølv i fargefilm òg.

Han fortel at Eiliv Odde Hauge, som var museumsstyrar, var aktivt på Alf for at han skulle filme museet og gjere det kjend.

– Han var ein ordentleg masekopp, ler Alf.

Sjølv hadde ikkje Alf TV, og han fekk aldri sjå mange av opptaka han gjorde for NRK, berre ein rapport tilbake om korleis det var.

Filme frå kongebesøket har liggje i ein boks i snart 60 år, og ideen til å syne den fram kom for ei lita stund sidan. Men filmrullane er ei heil digital revolusjon unna å bli framsynt, så klippene som til saman utgjer 8–9 minutt måtte digitaliserast.

– Gamle filmar og bilete er ganske gromt, avsluttar Alf.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken