VANG: Den nye Hugaviktunnelen opnar vel tre månader før tida ettersom entreprenøren Hæhre påskunda arbeida.
Med den historiske vegopninga i dag blir eit av dei verste punkta på E16 gjennom Valdres eliminert.
Kvamskleiva har vore rasutsett og det har tidvis vore store problem her for ferdselen i tillegg til at strekninga til tider har vore farefull å nytte.
Framfor kommunevalet i 2020 kom dåverande regjering med pengar til at arbeidet med å utbetre vegen mellom Ala og Synshagen kunne starte opp. Strekninga var allereie ferdig regulert og klar til oppstart.
Tunnelen er på 1,8 kilometer, medan heile prosjektet utgjer 5,4 kilometer ny veg. Det er også klart at prosjektet blir minst 50 millionar rimelegare enn det som var sett av i ramma.
Det er statssekretær Jacob Bjelland frå Samferdselsdepartementet som skal stå for den formelle opninga med snorklipping.
Det vil bli talar og kulturinnslag og alle skodelystne blir servert. Opninga skjer på Kvamssida ved tunnelopninga.
Avisa Valdres fylgjer opp.