Ei gamal løe står til nedfalls. Grunnmuren i det fordums praktfjøset sig ut, og er snart ikkje til å redde. Tømmerstokkane i stabburet rotnar opp, og bygget er ikkje lenger eigna til å oppbevare mat.

Mange stader i Valdres står det gamle bygg og vitnar om levemåte og byggjeskikk, hundreår lange tradisjonar, rikdom og karrige kår i fattigdom. Synet på kva som har vore verneverdig og ikkje, har endra seg gjennom åra. Den materielle, privateigde kulturarven vår forfell når det ikkje er nok midlar til å vedlikehalde og ruste opp. I kampen om budsjettpengar blir kulturarven gjerne taparen, når pengar skal brukast på pensjon, helse, forsvar og skule.

I Valdres er det heldigvis mykje som har vorte teken vare på, takka vera dedikerte eigarar, eldsjeler og foreiningar. At Bagnsbergatn gard, som no førre veke offisielt vart freda, er i den standen garden er, er viktig og nødvendig for at stadig nye generasjonar skal kunne lære om andre verdskrigen, kampane som føregjekk i Bagn og Valdres, og kva ein kjempa for.

Diverre er det ikkje nok pengar til vedlikehald og istandsetjing. I år vart det søkt om 84,7 millionar berre i Innlandet fylke, medan potten Riksantikvaren delte ut til fylket var på 19,4 millionar. Det seier seg sjølv at ein ikkje kjem langt nok i å ta vare på kulturarven når midlane som blir utdelt til freda bygningar er under 25 prosent av summen det vart søkt om.

Då er det bra å ha folk som Inger Toril og Fredrik Holte Breien, som fekk garden sin Breie freda i fjor. Ekteparet legg mykje arbeid i å halde ved like garden, men får ikkje dekt meir enn 50 prosent av kostnaden, i tillegg til at det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte handverkarar. Søkjer ein om pengar frå Kulturminnefondet, som gjev støtte til bygningar som er verneverdige, men ikkje freda, er støttebeløpet maks 30 prosent.

Det kostar å ta vare på gamle bygningar. Éi sak er å halde bygningar ein sjølv brukar og bur i, i god stand. Men rundt om står det også bygningar som er gjekk ut av bruk for mange år sidan, og som heller ikkje i dag er ein del av gardsdrifta. Tore Røberghagen i Innlandet fylke er uroa over at det blir løyvd stadig mindre midlar til freda bygningar, sett ut frå behovet for vedlikehald. «Da blir mye lagt på skuldrene til eierne selv om de strengt tatt ikke trenger objektet», seier han til avisa Valdres.

Røberghagen seier behovet for midlar aukar i takt med at klimaet blir varmare og våtare. Og, som Røberghagen seier, det er storsamfunnet som ynskjer å ta vare på kulturarven.