Frå og med 2034 skal alle fjøs ha lausdrift. Det veit vi blir utfordrande, spesielt for små og mellomstore mjølkebruk, som det er flest av i Valdres.

Førre veke leverte Norsk institutt for bioøkonomisk forsking (Nibio) ein rapport til Landbruks- og matdepartementet om ombyggingskostnaden frå båsfjøs til lausdrift. Ifylgje Nibio vil det koste mellom 18 og 24 milliardar på landsbasis å erstatte dagens 4.500 lausdriftsfjøs. Det er ei investering landbruket ikkje kan ta åleine. Her trengst ekstraordinære, statlege midlar, ikkje minst for å sikre at små og mellomstore bruk framleis kan drive.

Her i Valdres er gardane små. Snøen kjem tidleg, og går seint. Ressursgrunnlaget til gardane er ikkje stort nok til at alle med båsfjøs kan byggje store, nye lausdriftsfjøs med 30–40 mjølkekyr. Dei store utmarksområda vi har i Valdres er verdifull beitemark.

Vårt bidrag til å produsere mat og drikke basert på norske ressursar ligg i desse områda. Tal frå Statsforvaltaren i 2017 syner at 99 prosent av jordbruksarealet i Valdres er gras- og beitemark, medan det for Oppland fylke totalt var 80 prosent som var gras- og beitemark.

Vi har som land ei plikt til å produsere meir mat på norske ressursar. Då må det leggjast til rette for at også små og mellomstore bruk kan ta del i matproduksjonen i framtida. Ifylgje Innovasjon Noreg er det knapt økonomi i å byggje om frå båsfjøs til lausdrift med under 30 mjølkekyr med dagens tilbod frå landbruksbyggleverandørar.

Prosjektet «Innlandsfjøset» skal hjelpe mindre mjølkebønder med å byggje om utan å knekke nakken økonomisk. Alle seks Valdres-kommunane er med i prosjektet. Geirmund Grøndalen og sambuar Marthe Justad i Åbjør er knytte til prosjektet. Til avisa Valdres seier Geirmund at «poenget er ikke å tenke luksus, men å spørre hva jeg faktisk må ha for å kunne drive gården.»

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) seier til Nationen at kravet om lausdrift frå 2034 bør utsetjast. Vi meiner heller at staten må stille med ei eiga investeringspakke, men der det blir sikra at midlane går til distriktsjordbruket i regionar som Valdres.

Skal landbruk over heile landet sikrast, trengst ei vriding frå store til små og mellomstore bruk. Den økonomiske terskelen må senkast, elles fryktar vi lysa blir sløkte i enda fleire fjøs dei neste åra.