Gå til sidens hovedinnhold

Holocaust og Finanstilsynet

Det er vanskeleg å sjå annan utveg enn at Finanstilsynet vil måtte gje innsyn i spørsmålet om kva som skjedde med Hans Salomon sin konto i Vang Sparebank.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Spørsmålet om innsyn i kva som skjedde med pengane som Hans Salomon hadde ståande på konto i dåverande Vang Sparebank under andre verdskrigen, står framleis ubesvara. Nye dokument som forfattar Ingeborg Solbrekken kan leggje fram, nokre av dei presentert i avisa i dag, kastar lys over handtering og hendingar i samband med kontoen til Salomon.

Les også

Framlegger mer dokumentasjon i innsynssak: Forfatteren hevder det dreier seg om et regelrett ran

Jødiske Hans Salomon, busett i Vang, blir arrestert i oktober 1942 og sendt til Berg interneringsleir. Samstundes skal all jødisk formue i Noreg inndragast. 19. november 1942 sender advokat Wollert Wilhelm Valle liste over dei «jødeboer» han har ansvar for til rekneskapsføraren sin. På denne lista står også Hans Salomon. Medan Salomon sit internert, trekkjer Vang sparebank 24. november 1942 100 kroner for utbetaling til Jotunheimen Samvirkelag. 5. januar 1943 stadfester Likvidasjonskontoret overfor lensmannen i Vang at kontoret har fått informasjon om kva beløp som står på Salomon sin konto frå banken.

Salomon unngjekk å bli sendt med D/S Donau. Med dansk far hadde han dansk statsborgarskap. Dermed vart han berga ut av Berg, og saman med kone og barn kom han seg over til Sverige og overlevde krigen og jødeutryddinga. På grunn av det danske samarbeidet med nazistane gjorde Innenriksdepartementet om på avgjerda om konfiskering av Salomon sine verdiar i Vang Sparebank. I eit brev datert 15. februar 1943 blir lensmannen i Vang gjort merksam på at «formuesinndragning i henhold til jødeloven er opphøyrt» for Hans Salomon. Då befinn Salomon seg i Sverige. Overførte Vang sparebank pengane attende til Salomon?

Les også

Innsyn i historiske protokoller til Valdres Sparebank – Finanstilsynets rolle

Dei aller, aller fleste ser ut til å vera samde om at ein må til botnen i denne saka. Difor er det vanskeleg å sjå at Finanstilsynet kan gjera noko anna enn å oppheve teieplikta kring kva som skjedde med kontoen. Framleis er det også uklart kva det er med saka som gjer at Valdres sparebank, Finans Norge og Finanstilsynet meiner det trengst ei særskilt oppheving av teieplikta for å kunne gje innsyn. I eit intervju i Klassekampen meiner derimot juridisk direktør i Finans Norge at det ikkje er relevant for vurderinga av innsyn at Salomon i 1942 ikkje var verna av eit lovverk.

Les også

Søker om å bli løst fra taushetsplikten: Valdres Sparebank på gli i innsynssak

Spørsmålet om likvidasjonen av jødisk formue under krigen er i dag ikkje lenger eit juridisk spørsmål. Det er eit politisk, moralsk og etisk spørsmål i å rydde opp der det ryddast skal. Om Finanstilsynet avslår innsyn, er det ei sak for den lovgjevande makt.

Kommentarer til denne saken